Trekantfisjon
Sist oppdatert: 28. mai 2024.
Trekantfisjon kan meldast dersom det overtakande selskapet inngår i eit konsern, og aksjeeigarane i det overdragande selskapet skal få aksjar i morselskapet til det overtakande selskapet eller anna konsernselskap i staden for i det overtakande selskapet.
Overtakande selskap må vere eit eksisterande selskap.
Fisjonen kan følge reglane om fisjon ved kapitalnedsetting eller fisjon ved oppløysing (likvidasjon).
Trekantfisjon melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fisjon og gjennomføring. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fisjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.
Når du melder fisjon elektronisk i Samordna registemelding i Altinn, er det eitt felles skjema for alle selskapa i fisjonen. Dersom du bruker papirskjemaet, må du sende inn melding om avgjerd om fisjon for alle selskapa som deltar i fisjonen. Det skal ikkje sendast skjema frå det vederlagsutferdande selskapet.
Frå selskapa som deltar i fisjonen har avgjort å godkjenne fisjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fisjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå når det siste selskapet har godkjent fisjonsplanen.
Dersom meldinga ikkje blir send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.
Overdragande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen
Overtakande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen
Etter at du har meldt avgjerd om fisjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføringa av fisjonen.
Overdragande selskap ved fisjon ved kapitalnedsetting skal legge ved
- ajourhaldne vedtekter
Overdragende selskap ved likvidasjonsfisjon
Dersom gjennomføringa av fisjonen blir meld via altinn.no skal det ikkje sendast inn eiga slettemelding frå det overdragande selskapet.
Eksisterande overtakande selskap skal legge ved
- erklæring frå styret om at eigarforholda i konsernet ved gjennomføringa av fisjonen oppfyller kravet om 90 % eigarforhold jf. aksjelova § 13-16
Vederlagsutskrivande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om kapitalauke
- vedtekter
- utgreiing om tingsinnskot, med stadfesting av revisor
Ønsker du meir informasjon om særreglane ved trekantfisjon, sjå aksjelova § 14-2.