Fisjon ved likvidasjon (oppløysing)
Sist oppdatert: 11. mars 2024.
Fisjon ved likvidasjon melder du til Føretaksregisteret i to trinn, avgjerd om fisjon og gjennomføring.
Når vi har godkjent meldingar som gjeld fisjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.
Når du melder fisjon elektronisk i Samordna registermelding i Altinn, er det eitt felles skjema for alle selskapa i fisjonen. Om du bruker det gamle papirskjemaet, må du sende inn avgjerd om fisjon for alle selskapa som deltar i fisjonen. Overtakande selskap som blir stifta ved fisjon skal ikkje sende inn melding før etter at kreditorfristen har gått ut.
Frå selskapa som deltar i fisjonen har avgjort å godkjenne fisjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fisjon til Føretaksregisteret. Dersom det er fleire eksisterande partar i fisjonen blir fristen rekna frå det siste selskapet har godkjent fisjonsplanen.
Dersom meldinga ikkje blir send til Føretaksregisteret innan fristen, fell avgjerda bort.
Følgande dokument må leggast ved meldinga
Overdragande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen, eventuelt styreprotokollen dersom styret har godkjent fisjonsplanen
Eventuelle eksisterande overtakande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen, eventuelt styreprotokollen dersom styret har godkjent fisjonsplanen etter styrefullmakt
Du kan melde gjennomføring av fisjonen når kreditorfristen på seks veker har gått ut. Alle overtakande selskap må melde gjennomføring av fisjon.
Eksisterande overtakande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om kapitalauke (protokoll frå styremøte dersom styret bruker fullmakt) eventuelt protokollen frå styremøtet dersom styret har godkjent fisjonsplanen
- vedtekter
- utgreiing om tingsinnskotet, med stadfesting av revisor
Dersom selskapet i staden for bruker eigne aksjar som vederlag til aksjeeigarane i overdragande selskap, må det gå fram at eigne aksjar blir brukt til utdeling.
Overtakande selskap som blir stifta ved fisjon skal legge ved
- stiftingsdokument
- vedtekter
- utgreiing om tingsinnskotet, med stadfesting av revisor
Ønsker du meir informasjon om avgjerd om fisjon ved kapitalnedsetting, sjå aksjelova § 14-2.