Fisjon ved kapitalnedsetting
Sist oppdatert: 11. mars 2024.
Fisjon ved kapitalnedsetting skjer ved at eit overdragande selskap overfører deler av verksemda si til eitt eller fleire overtakande selskap.
Det overdragande selskapet består framleis etter delinga, med attverande del av verksemda.
Fisjon ved kapitalnedsetting melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fisjon og gjennomføring. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fisjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.
Når du melder fisjon elektronisk i Samordna registermelding i Altinn, er det eitt felles skjema for alle selskapa i fisjonen. Om du bruker det gamle papirskjemaet, må du sende inn avgjerd om fisjon for alle selskapa som deltar i fisjonen. Overtakande selskap som blir stifta ved fisjon skal ikkje sende inn melding før etter at kreditorfristen har gått ut.
Frå selskapa som deltar i fisjonen har avgjort å godkjenne fisjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fisjon til Føretaksregisteret. Dersom det er fleire partar i fisjonen, vert fristen rekna frå det siste selskapet har godkjent fisjonsplanen.
Dersom meldinga ikkje blir send til Føretaksregisteret innan fristen, fell avgjerda bort.
Følgande dokument må leggast ved meldinga
Overdragande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen
Eventuelle eksisterande overtakande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fisjonsplanen, eventuelt styreprotokollen dersom styret har godkjent fisjonsplanen etter styrefullmakt
Du kan melde gjennomføring av fisjonen etter at du har meldt avgjerd om fisjon og at kreditorfristen på seks veker har gått ut. Både overdragande selskap og dei overtakande selskapa må melde gjennomføring av fisjon.
Følgande dokument må leggast ved meldingane
Overdragande selskap skal legge ved
- vedtekter
Eventuelle eksisterande overtakande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser vedtak om kapitalauke (protokollen frå styremøte dersom styret bruker fullmakt)
- vedtekter
- utgreiing om tingsinnskotet, med stadfesting av revisor
Dersom selskapet i staden bruker eigne aksjar som vederlag til aksjeeigarane i overdragande selskap, må det gå fram at eigne aksjar blir brukt til utdeling.
Eventuelle overtakande selskap som blir stifta ved fisjon skal legge ved
- stiftelsesdokument
- vedtekter
- utgreiing om tingsinnskot, med stadfesting av revisor
Ønsker du meir informasjon om fisjon ved kapitalnedsetting, sjå aksjelova § 14-2.