Fisjon
Sist oppdatert: 8. september 2023.
Fisjon betyr å dele eit aksjeselskap opp i to eller fleire selskap.
Det overdragande (eksisterande) selskapet kan løysast opp ved at det overfører alle eigedelane sine til to eller fleire overtakande selskap (fisjon ved oppløysing). Slik sluttar selskapet å eksistere. Alternativet er at det overdragande selskapet beheld ein del av verdiane sjølv (fisjon med kapitalnedsetting), mens andre delar blir overførte til eit eller fleire andre selskap.
Det overtakande selskapet/dei overtakande selskapa kan enten gjennomføre fisjonen etter reglane om stiftelse (fisjon ved stiftelse av nytt selskap) eller etter reglane om kapitalauke (fisjon ved overføring til eit eksisterande selskap).