Stadfesting av motteke aksjeinnskot
Sist oppdatert: 29. juli 2024.
Ved registrering av eit nytt aksjeselskap, og ved auke av aksjekapital som ikkje skjer ved fondsemisjon, må du legge ved ei stadfesting frå revisor, finansinstitusjon (bank), advokat eller rekneskapsførar som stadfestar at aksjekapitalen er motteken av selskapet.
Finansinstitusjon, advokat og rekneskapsførar kan berre gi ei stadfesting i dei tilfella aksjekapitalen berre dreier seg om pengar.
Stadfestinga skal innehalde:
- opplysningar om beløpet som er sett inn, og at beløpet gjeld aksjeinnskot
- føretaksnamnet på det selskapet stadfestinga gjeld
- datoen
- underskrifta av den som gjer stadfestinga.
- namnet på finansinstitusjonen/revisoren/advokaten/regnskapsføreren som gir stadfestinga
Det er ikkje tilstrekkeleg med ei underteikna kvittering, bankutskrift eller liknande.
Dersom finansinstitusjonen som stadfester innbetalinga høyrer til i ein EØS-stat, må du sende inn heile meldinga per post. Her kan du laste ned papirskjemaet.
Stadfestinga skal vere signert elektronisk om meldinga til Føretaksregisteret vert send inn elektronisk. Det er derfor ikkje nødvendig å datere og underskrive ho på anna måte.
Når du har lasta opp stadfestinga i Altinn, må du legge inn organisasjonsnummeret til revisoren, finansinstitusjonen, advokaten eller rekneskapsføraren som har utarbeidd stadfestinga. Dei får då ei signeringsoppgåve i innboksen sin som dei må gå inn og signere før meldinga kan sendast inn.
Dersom du ønsker å lese meir om elektronisk signering, kan du gjere det på sida «Samordna registermelding». Du finn ho under «Nyttige lenker» til høgre på denne sida.