Nedsetting av aksjekapital
Sist oppdatert: 29. mai 2024.
Generalforsamlinga kan vedta å sette ned aksjekapitalen i eit selskap. Nedsettingsbeløpet kan nyttast til utdeling til aksjonærane, sletting av selskapet sine eigne aksjar eller avsetting til fond. Beløpet kan også nyttast til dekning av tap som ikkje kan dekkast på annan måte.
Styret fremmar forslag til generalforsamlinga
Første steg i ei kapitalnedsetting er at styret må utarbeide eit forslag til generalforsamlinga om at kapitalen skal settast ned, og foreslå nødvendige vedtektsendringar. Styret må også foreslå korleis pengane skal brukast, og utarbeide ei grunngjeving for forslaget med bakgrunn i den siste fastsette årsrekneskapen eller mellombalansen. Generalforsamlinga fattar vedtak med utgangspunkt i styret sine forslag.
Registrering i Føretaksregisteret
Ei kapitalnedsetting skal kunngjerast på Brønnøysundregistera sine kunngjeringssider. Dersom nedsettinga av aksjekapitalen krev kreditorvarsel, gjeld ein kreditorfrist på seks veker.
Ei kapitalnedsetting som krev kreditorvarsel melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to er avgjerd om kapitalnedsetting og gjennomføring.
Ei avgjerd om kapitalnedsetting må du melde til Føretaksregisteret innan to månader etter generalforsamlinga si avgjerd, elles fell avgjerda bort.
Avgjerd om kapitalnedsetting skal minst oppgi
- nedsettingsbeløpet, eventuelt eit høgare beløp ved utdelingar til aksjonærane utover dette
- kva beløpet skal brukast til
- om nedsettinga skal gjennomførast ved innløysing av aksjar eller ved nedsetting av pålydande
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om kapitalnedsetting og endring av vedtekter
Generalforsamlinga må vedta vedtektsendring i samband med kapitalnedsetting. Det er fordi aksjekapitalen alltid er bestemt i vedtektene til selskapet.
Du kan melde gjennomføring av kapitalnedsetting etter at du har meldt avgjerd om kapitalnedsetting og at kreditorfristen på seks veker har gått ut.
Du må melde gjennomføring av kapitalnedsetting til Føretaksregisteret innan eitt år etter generalforsamlinga si avgjerd, elles fell avgjerda bort.
Du må legge ved
- oppdaterte vedtekter
- erklæring frå styret om at forholda til kreditorane er avklara og at det ikkje er noko til hinder for gjennomføringa
Aksjeeigarboka med eventuelle nye opplysningar om aksjefordelinga skal ajourførast.
Kapitalnedsetting utan kreditorvarsel
Nedsettinga kan gjennomførast utan kreditorvarsel dersom heile nedsettingsbeløpet skal nyttast til dekning av tap som ikkje kan dekkast på annan måte. Du melder då både avgjerd og gjennomføring i eitt trinn.
Dersom beløpet går til dekning av tap og nedsettingen gjennomføres uten kreditorvarsel, kan selskapet ikke utdele utbytte før det er gått tre år. Dersom selskapet ønsker at det skal kunngjøres kreditorvarsel i disse tilfellene, må det opplyses særskilt om det i meldingen.
Du må legge ved
- generalforsamlingsprotokollen som viser vedtaket
- oppdaterte vedtekter
Aksjeeigarboka med eventuelle nye opplysningar om aksjefordelinga skal ajourførast.
Dersom aksjekapitalen samtidig med ei kapitalnedsetting vert auka ved nyteikning av aksjar mot innskot, slik at aksjekapitalen vert minst like høg som tidlegare, kan kapitalnedsettinga skje utan kreditorvarsel. Då gjeld dei same vedleggskrava som ved kapitalauke.