Aksjekapital
Sist oppdatert: 29. juli 2024.
I eit aksjeselskap må stiftarane betale inn aksjekapital. Dette beløpet skal til saman vere minst 30 000 kroner. Stiftingskostnadene kan dekkast av aksjekapitalen.
Aksjeinnskotet må stadfestast før selskapet kan bli registrert i Føretaksregisteret.
Dersom aksjeinnskotet skal gjerast opp med pengar, kan stadfestinga gjevast av ein revisor, bank*, advokat eller rekneskapsførar.
Dersom heile eller delar av aksjekapitalen vert dekt opp med gjenstandar (tingsinnskot) i staden for pengar, må revisor stadfeste innbetalinga.
*Dersom banken som stadfester innbetalinga høyrer til i ein EØS-stat, må du sende inn heile meldinga i posten. Her kan du laste ned papirskjemaet.
Du har ikkje eit personleg ansvar for forpliktingane til selskapet
Som eigar i eit aksjeselskap kan du i utgangspunktet berre risikere å tape aksjeinnskot som er skotne inn i selskapet. Kreditorane kan berre gå til selskapet med krava sine. Eigarane sin tilgang til å ta pengar ut av selskapet er derfor avgrensa av aksjelova.