Forseinkingsgebyr
Sist oppdatert: 28. februar 2024.
Dersom de ikkje har sendt komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret før fristen, får de forseinkingsgebyr.
Det er verksemda som i første omgang har ansvar for å betale gebyret. Dersom verksemda ikkje betaler, er du som medlem i styret, deltakar eller i nokre tilfelle dagleg leiar, solidarisk ansvarleg for å betale gebyret personleg. Solidarisk ansvar betyr at fleire ksn ha ansvaret for å betale det same kravet, og at alle er ansvarlege for heile kravet til det er betalt. Ansvaret gjeld også etter at det er opna konkurs i verksemda.
Forseinkingsgebyret kan bli 66 404 kroner.
De kan søke om ettergiving av forseinkingsgebyret, men det er strenge retningsliner for å få det ettergitt.
Det er Statens innkrevjingssentral som krev inn forseinkingsgebyret. Alle spørsmål om faktura og betaling må rettast til dei.