Forklaring av gebyra våre
Sist oppdatert: 21. februar 2025.
Drifta av dei største registera våre blir finansiert gjennom gebyr som brukarane må betale når dei bruker tenestene.
Dei største registera våre er:
- Lausøyreregisteret, inkludert Ektepaktregisteret
- Einingsregisteret
- Føretaksregisteret, inkludert Rekneskapsregisteret
Dei som skal tinglyse eller registrere noko i desse registera må betale gebyr.
Berekning av gebyra
Gebyra skal dekke direkte og indirekte kostnader.
Direkte kostnadar omfattar antal timar som er ført på registertenester, for eksempel saksbehandling, tilgjengeleggjering, klagebehandling, teknisk drift og forvaltning.
Indirekte kostnadar består av husleige, utstyr og infrastruktur, og administrativt personell med meir. Kostnadene er baserte på ein fordelingsnøkkel med utgangspunkt i antal saker til dei ulike registertenestene.
Gebyra skal også dekke ein andel av kostnadane til informasjonssikkerheit, teknisk plattform, fellesmodular og teknisk infrastruktur og dei blir fordelte på registertenestene.
Gebyr Einingsregisteret
Registrering i Einingsregisteret er gebyrpliktig for alle organisasjonsformer unntatt lag, foreiningar og ungdoms- og studentbedrifter. Alle endringar og sletting er gratis, fordi gebyret for nyregistrering skal dekke heile livsløpet så lenge eininga er registrert.
Gebyr Føretaksregisteret
Registrering i Føretaksregisteret og kunngjeringar av enkelte endringar er gebyrpliktige. Andre endringar og sletting er gratis, fordi gebyret for nyregistrering skal dekke kostnadar til saksbehandling i Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret så lenge føretaket er registrert.
Enkelte organisasjonsformer har høgare gebyr fordi dei er meir ressurskrevande å registrere.
Gebyret for kunngjeringar er likt for alle organisasjonsformer. Eksempel på kunngjeringar er nedsetting av kapital, endring av føretaksnavn eller melding om fusjon eller fisjon.
Gebyr Lausøyreregisteret
Tinglysing i Lausøyreregisteret og Ektepaktregisteret er gebyrpliktig. Det er også gebyr på endring av tinglyste dokument som transport, forlenging og prioritetsviking. Alle andre endringar og sletting er gratis.
Elektronisk innsending gir lågare gebyr
Elektroniske meldingar kan i fleire tilfelle bli heilmaskinelt saksbehandla, mens meldingar på papir må bli registrert manuelt. Elektronisk innsending gir derfor lågare gebyr enn innsending på papir.
Finansiering i dei andre registera
Dei andre registera blir finansierte på annan måte, gjennom driftsløyving og særskilt finansiering. Dei som bruker desse tenestene betalar ikkje gebyr.