Nye reglar for kjønnsbalanse i styre
Sist oppdatert: 20. desember 2024.
Fleire organisasjonsformer har nå fått krav til kjønnsbalanse i styret etter lovendringar.
For nokre organisasjonsformer trådde reglane i kraft allereie 1. januar 2024, mens for dei fleste er det ei stegvis innføring. Regelendringane gjeld først dei største verksemdene, målt i antal tilsette eller samla drifts- og finansinntekter.
Med kjønnsbalanse meiner ein balanse mellom juridisk kjønn. Juridisk kjønn i Noreg er det som blir registrert i Folkeregisteret i dag; kvinne eller mann. Vi henter desse opplysningane frå Folkeregisteret.
Dersom styret har:
- tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to styremedlemmer ha same kjønn
- fem eller seks medlemmer, kan maksimalt tre styremedlemmer ha same kjønn
- sju medlemmer, kan maksimalt fire styremedlemmer ha same kjønn
- åtte medlemmer, kan maksimalt fem styremedlemmer ha same kjønn
- ni eller fleire medlemmer, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn
Det er tilsvarande krav for kjønnsbalanse blant varamedlemmene.
Det er også krav til kjønnsbalanse blant styre- og vararepresentantar valde av dei tilsette.
Fristane for dei ulike organisasjonsformene
Fristane under viser til når styret må vere valt. Det er ikkje eit krav at styret må vere meldt, eller registrert, innan fristen, men styreendringar må meldast til registeret utan ugrunna opphald.
Styremedlemmer valde av dei tilsette
I stiftelsar der styremedlemmer skal veljast av og blant dei tilsette gjeld krava i stiftelseslova § 27b frå første ordinære val etter 30. juni 2025, jf. forskrifta § 4 nr. 2.
Styremedlemmer valde av stat, fylkeskommune, kommune og tilsette
I stiftelsar der staten, ein fylkeskommune eller ein kommune utnemner heile styret, og med fleire enn 200 tilsette der styremedlemmer skal veljast av og blant dei tilsette, gjeld krava i stiftelseslova § 27b tredje ledd frå førstkomande ordinære val, jf. forskrifta § 4, andre ledd.
Det er ei stegvis innføring av den nye regelen for stiftelsar, der nytt styre må vere valt innan:
1. januar 2024
Stiftelsar der staten, ein fylkeskommune eller kommune utnemner delar av styret, skal kjønnsbalansen i styret vere i tråd med regelverket.
- Gjeld ikkje når staten, ein fylkeskommune eller ein kommune utnemner heile styret.
30. juni 2025
Stiftelsar som er næringsdrivande eller har utdeling som formål, eller der staten, ein fylkeskommune eller kommune utnemner eitt eller fleire styremedlemmer.
- Gjeld ikkje når staten, ein fylkeskommune eller ein kommune utnemner heile styret.
Balansedagen er siste dagen i rekneskapsåret, som ved ordinært rekneskapsår er 31. desember.
Det er ei stegvis innføring av dei nye reglane for aksjeselskap, der nytt styre må vere valt innan:
31. desember 2024
Aksjeselskap som har samla drifts- og finansinntekter som er større enn 100 millionar kroner på balansedagen for årsrekneskapen.
30. juni 2025
Aksjeselskap som har fleire enn 50 tilsette på balansedagen for årsreknskapen, og som ikkje er omfatta av krava frå før.
30. juni 2026
Aksjeselskap som har fleire enn 30 tilsette på balansedagen for årsrekneskapen, og som ikkje er omfatta av krava frå før.
30. juni 2027
Aksjeselskap som har samla drifts- og finansinntekter som er større enn 70 millionar kroner på balansedagen for årsrekneskapen, og som ikkje er omfatta av krava frå før.
1. juli 2028
Aksjeselskap som anten har driftsinntekter og finansinntekter som samla er større enn 50 millionar kroner, eller som har fleire enn 30 tilsette på balansedagen for årsrekneskapen.
Styremedlemmer valt av dei tilsette
I aksjeselskap der styremedlemmer blir valde av og blant dei tilsette, gjeld krava i aksjelova § 6-11b frå første ordinære val etter datoane i forskrifta sin § 2, nr. 1 til 4.
Balansedagen er siste dagen i rekneskapsåret, som ved ordinært rekneskapsår er 31. desember.
Det er ei stegvis innføring av dei nye reglane, der nytt styre må vere valt innan:
31. desember 2024
Selskap der alle deltakarane er juridiske personar, som har samla drifts- og finansinntekter som er større enn 100 millionar kroner på balansedagen for årsrekneskapen.
30. juni 2025
Selskap der alle deltakarane er juridiske personar, som har fleire enn 50 tilsette og som ikkje er omfatta av krava frå før.
30. juni 2026
Selskap der alle deltakarane er juridiske personar, som har fleire enn 30 tilsette og som ikkje er omfatta av krava frå før.
30. juni 2027
Selskap der alle deltakarane er juridiske personar, som har samla drifts- og finansinntekter som er større enn 70 millionar kroner på balansedagen for årsrekneskapn og som ikkje er omfatta av krava frå før.
1. juli 2028
Selskaper der alle deltakarane er juridiske personar, og som på balansedagen for årsrekneskapen anten har
- driftsinntekter og finansinntekter som samla er større enn 50 millionar kroner
- fleire enn 30 tilsette
Styremedlemmer valde av dei tilsatte
I selskap der styremedlemmer skal veljast av og blant dei tilsatte gjeld krava i selskapslova § 2-13b frå første ordinære val etter datoane i forskrifta sin § 1, nr. 1 til 4.
Balansedagen er siste dagen i rekneskapsåret, som ved ordinært rekneskapsår er 31. desember.
Det er ei stegvis innføring av dei nye reglane for bustadbyggelag, der nytt styre må vere valt innan:
31. desember 2024
Bustadbyggelag som har samla drifts- og finansinntekter som er større enn 100 millionar kroner på balansedagen for årsrekneskapen.
30. juni 2025
Bustadbyggelag som har fleire enn 50 tilsette eller fleire enn 500 andelseigarar på balansedagen for årsrekneskapen, og som ikkje er omfatta av krava frå før.
30. juni 2026
Bustadbyggelag som har fleire enn 30 tilsette på balansedagen for årsrekneskapen, og som ikkje er omfatta av krava frå før.
30. juni 2027
Bustadbyggelag som har samla drifts- og finansinntekter som er større enn 70 millionar kroner på balansedagen for årsrekneskapen, og som ikkje er omfatta av krava frå før.
1. juli 2028
Bustadbyggelag som på balansedagen for årsrekneskapen anten har:
- samla driftsinntekter og finansinntekter på meir enn 50 millionar kroner,
- fleire enn 30 tilsette, eller
- meir enn 500 andelseigarar
Styremedlemmer valde av dei tilsette
I bustadbyggelag der styremedlemmer skal veljast av og blant dei tilsette gjeld krava i bustadbyggelagslova § 6-4b frå første ordinære val etter datoane i nr. 1 til 4, jf. forskrifta § 5.
Samvirkeføretak som er finansføretak, sjå Andre organisasjonsformer – finansføretak.
Balansedagen er siste dagen i rekneskapsåret, som ved ordinært rekneskapsår er 31. desember.
Det er ei stegvis innføring av dei nye reglane for samvirkeføretak:
31. desember 2024
Samvirkeføretak som har samla drifts- og finansinntekter som er større enn 100 millionar kroner på balansedagen for årsrekneskapen.
30. juni 2025
Samvirkeføretak som har fleire enn 50 tilsette eller fleire enn 500 medlemmer på balansedagen for årsrekneskapen, og som ikkje er omfatta av krava frå før.
30. juni 2026
Samvirkeføretak som har fleire enn 30 tilsette på balansedagen for årsrekneskapen, og som ikkje er omfatta av krava frå før.
30. juni 2027
Samvirkeføretak som har samla drifts- og finansinntekter som er større enn 70 millionar kroner på balansedagen for årsrekneskapen, og som ikkje er omfatta av krava frå før.
1. juli 2028
Samvirkeføretak som på balansedagen for årsrekneskapen anten har:
- samla driftsinntekter og finansinntekter på meir enn 50 millionar kroner,
- fleire enn 30 tilsette, eller
- meir enn 500 medlemmer
Styremedlemmer valde av dei tilsette
I samvirkeføretak der styremedlemmer skal veljast av og blant dei tilsette gjeld krava i samvirkelova § 69a frå første ordinære val etter datoane i nr. 1 til 4, jf. forskrifta § 6 andre ledd.
Alle allmennaksjeselskap er allereie underlagt krava til kjønnsbalanse i styret gjennom allmennaksjelova § 6-11a.
Styremedlemmer valde av dei tilsette
I allmennaksjeselskap med fleire enn 200 tilsette der styremedlemmer skal veljast av og blant dei tilsette, gjeld krava i allmennaksjelova § 6-11b andre ledd frå førstkomande ordinære val, jf. forskrifta § 3.
Helseføretak og regionalt helseføretak:
Alle helseføretak er allereie underlagde krava til kjønnsrepresentasjon i styret fordi helseføretakslova § 21 bestemmer at reglane om kjønnsbalanse i aksjelova, gjeld tilsvarande.
Interkommunalt selskap:
Interkommunale selskap er allereie underlagde reglane om kjønnsbalanse etter lov om interkommunale selskap § 10 første ledd viser til aksjelova § 20-6.
Finansføretak – eksempelvis gjensidig forsikringsselskap, sparebank og pensjonskasse:
Finansføretak, som ikkje er organisert som aksjeselskap eller allmennaksjeselskap, er gjennom finansføretakslova § 8-4, allereie underlagt allmennaksjelova sine reglar om kjønnsbalanse i styret.
Statsaksjeselskap:
Statsaksjeselskap er allereie underlagde reglane om kjønnsbalanse gjennom ein eigen regel i aksjelova § 20-6.
Europeisk selskap:
Europeiske selskap er allereie underlagde reglane om kjønnsbalanse ved at første ledd i SE-lova § 2, § 9 og § 10, viser til at allmennaksjelovs sine reglar gjeld.
Statsføretak:
Statsføretak er allereie underlagde reglane om kjønnsbalanse ved at statsføretakslova § 19 siste ledd bestemmer at reglane i aksjelova, om representasjon av begge kjønn i styret, gjeld tilsvarande.
Studentsamskipnad:
Studentsamskipnader er allereie underlagde reglane om kjønnsbalanse ved at studentsamskipnadslova § 6 sjette ledd viser til aksjelova sine reglar om styret.
Unntak
Det finst nokre unntak til krava, beskrivne i særlovgivninga og forskrifta. Først og fremst gjeld det i tilfelle der antal tilsette, medlemmer eller andelseigarar i stor grad består av same kjønn.
Er føretaket omfatta av ein unntaksegel, og ønsker å bruke han, må det leggast ved eit dokument ved innsending av Samordna registermelding. Dokumentet må innehalde informasjon om kva unntaksregel det gjeld og korleis han er tatt i bruk.
Organisasjonsformer utan krav om kjønnsbalanse i styret:
- kommunale og fylkeskommunale føretak
- burettslag
- eigarseksjonssameige
- partsreiarlag
- norskregistrert utanlandsk føretak
- foreiningar
Lista er ikkje komplett.