Opning av gjeldsforhandling og gjeldsordning
Sist oppdatert: 3. desember 2024.
Opning av gjeldsforhandlingar og frivillige eller tvungne gjeldsordningar for privatpersonar bli registrert i Lausøyreregisteret.
Når gjeldsforhandling blir opna, inneber dette eit initiativ til å inngå ein avtale om gjeldsordning. Opning av gjeldsforhandlingar blir kunngjord for å varsle kreditorar om å melde krava sine.
Ei gjeldsordning er ein avtale om nedbetaling av gjeld i ein avgrensa periode mellom ein gjeldstyngd person og kreditorane. Avtalen betyr normalt at personen betaler ned så mykje av gjelda hen klarer i løpet av fem år. Når gjeldsordningsperioden er slutt, vil restgjelda bli sletta så lenge avtalen er følgt. Ordninga gir personen moglegheit til å få kontroll over økonomien sin.
Det finst to ulike typar gjeldsordningar
Frivillig gjeldsordning er når en gjeldstyngd person inngår avtale med kreditorane om nedbetaling av gjelda.
Tvungen gjeldsordning er når kreditorane ikkje samtykker til gjeldsordning, og denne blir bestemd av tingretten.
Hovedvilkåra for å få gjeldsordning er at skyldnaren er varig ute av stand til å betale tilbake gjelda, og at det ikkje blir oppfatta som støytande at personen får gjeldsordning.
Når blir opninga av gjeldsforhandlinga og gjeldsordninga sletta?
Opning av gjeldsforhandling blir sletta når
- gjeldsordningsavtale er inngått
- gjeldsforhandlingsperioden er over utan at det er inngått ein avtale
Namsmyndigheitene gir beskjed til oss når gjeldsordninga skal slettast. Har du spørsmål om sletting, må du kontakte den aktuelle namsmyndigheita.
Kunngjeringa av opninga blir sletta seinast etter eitt år.
Nye reglar frå 01.01.2025 for finansføretak og verksemder som driv inkassoverksemd
Kravet fell bort (preklusjonsverknad) for finansføretak og verksemder som driv inkassoverksemd dersom det ikkje blir meldt innan den kunngjorde fristen.