Kapittel 6: Årsrekneskap
Årsrekneskap 2023 – Leiinga sine kommentarer
Formål
Brønnøysundregistera blei oppretta i 1988 under Justisdepartementet og er underlagd Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Verksemda er eit ordinært forvaltningsorgan og som frå 2017 fører verksemdsrekneskapen i samsvar med statlege rekneskapsstandardar. Brønnøysundregistera utøver utviklings- og forvaltningsoppgåver for viktige målområde, blant anna Lausøyreregisteret, Føretaksregisteret og Einingsregisteret. Verksemda skal bidra til regjeringa sitt arbeid med å fornye, forbetre og forenkle for næringsliv og innbyggarar.
Årsrekneskapen utgjer del VI i årsrapporten til NFD.
Som det går fram av prinsippnoten er Brønnøysundregistera eit ordinært forvaltningsorgan som fører rekneskap i samsvar med periodiseringsprinsippet. I tillegg rapporterer vi til den sentrale statsrekneskapen etter kontantprinsippet jf. Note A og B.
Stadfesting
Årsrekneskapen er avlagd i samsvar med reglar om økonomistyring, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krav frå Nærings- og fiskeridepartementet i instruks om økonomistyring. Eg meiner rekneskapen gir eit dekkande bilde av Brønnøysundregistera sine tildelingar, rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld.
Vesentlege forhold etter kontantprinsippet
Brønnøysundregistera sine utgifter til registerdrifta er på totalt 531,9 MNOK. Samanstilt med bevilgningane gir dette ei mindre utgift på til saman 11,5 MNOK. Dette med omsyn til meir inntekt på oppdragsinntekter på 6,6 MNOK, gir eit mogleg overført beløp på 18,1 MNOK til 2024. Mindre forbruket er blant anna knytt til vakante stillingar som skuldast utfordringar med rekruttering. Samla utgjer dette ca. 10,0 MNOK. Det er også noko mindre forbruk på prosjekta Rett frå Start og Reelle Rettshavarar, i tillegg til at det er kostnadar som er kome til i 2023 som forfell til utbetaling i 2024.
Brønnøysundregistera sine gebyr inntekter relatert til registerdrifta blei på 559,7 MNOK for 2023. Dette er 7,7 MNOK mindre enn samla tildeling og dette skuldast i hovudsak lågare saksvolum enn føresett for tinglysingar i Lausøyreregisteret med gebyr, bl.a. for salspant i motorvogn.
Brønnøysundregistera sine utgifter til ny registerplattform og prosjekt ”Brukarvennlege registertenester” er på 165,7 MNOK. Samanstilt med tildelinga gir dette ei mindre utgift på 22,7 MNOK som mogleg overførbart beløp.
Det er gjort investeringar i immaterielle eigedelar og varige driftsmiddel etter kontantprinsippet for 141,9 MNOK i 2023. Dei mest vesentlege investeringane er knytte til ny registerplattform, prosjekt Brukarvennlege registertenester og andre utviklingsprosjekt.
Brønnøysundregistera forvaltar Midlertidig Kompensasjonsordning for omsetningsfall og Kompensasjonsordning for innreisekarantene, begge ordningane er knytte til koronaepidemien. Verksemda har i løpet av 2023 gjennomført kontrollar av tilskot utbetalt i 2021 og 2022 for å avdekke eventuell overkompensasjon. Overkompensasjon er avdekka og har resultert i heilt eller delvis omgjeringsvedtak og dermed tilbakebetaling av tilskot utbetalt tidlegare år.
Rapportert mellomverande med statskassa er 21 022 294 kroner per 31.12.23. Mellomverande består av skuldig skattetrekk, avsett pensjonspremie til SPK, skuldige offentlege avgifter og mottatt forskotsbetaling. Spesifisering av rapportert mellomverande og bokført avrekning med statskassa går fram av Note 7 B.
Vesentlege forhold etter periodiseringsprinsippet
Det er i perioden aktivert immaterielle eigedelar 197,4 MNOK og det er bokført immaterielle eigedelar for 204,7 MNOK under utføring. Dette er i hovudsak relatert til ny registerplattform og andre utviklingsprosjekt. Totalt er det bokført programvare og liknande rettar til ein verdi av 619,2 MNOK.
Totalt er det bokført inntekter frå gebyr på 550,7 MNOK. Det er ein nedgang på MNOK 44,8 i inntekt frå gebyr samanlikna med 2022, mesteparten av reduksjonen er knytt til vesentleg færre tinglysingar av salspant i motorvogn.
Antal årsverk har auka med 9 til 421 samanlikna med 2022. Auken skuldast i hovudsak auka oppdragsportefølje og auka behov for drift og forvaltning. Det er balanseført lønn til 68,5 MNOK til eigenutvikling av register. Andre driftskostnadar har auka med 47,2 MNOK samanlikna med 2022. Dette skuldast auka kostnadar til hardware og annan infrastruktur, auka kostnadar til Cybersikkerheitsprogrammet i følge med auka ramme, og kjøp av konsulenttenester i følge med prosjekt som ikkje blir balanseførte.
Tilleggsopplysningar
Riksrevisjonen er ekstern revisor og stadfester rekneskapen for Brønnøysundregistera. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per d.d. Revisjonsmeldinga reknar ein med vil vere ferdig innan 1. mai 2024. Årsrekneskapen blir publisert på Brønnøysundregistera sine nettsider 1. mai 2024.
Brønnøysund, 15. mars 2024.
Lars Peder Brekk
Direktør