Kapittel 5: Vurdering av framtidsutsikter
Sist oppdatert: 7. november 2024.
Gjennom arbeidet med ny strategi for perioden 2024-2026 identifiserte vi fleire drivkrefter som vil påverke oss i stor grad framover.
Dei underliggande drivarane er befolkningsveksten, den økonomiske veksten og klimaendringane. Dei langsiktige drivarane er endra demografi med raskt aldrande befolkning og færre i arbeidsdyktig alder, mindre økonomisk handlingsrom som gir større press på statsfinansane, rask teknologisk utvikling og det grøne skiftet.
Det blir eit stadig større mangfald i befolkninga som stiller auka krav til utforming og funksjonalitet av tenester. Samfunnet er i tillegg prega av vedvarande kriser som gir ulike utslag i befolkninga og stiller krav til oss både som arbeidsgivar og tenesteleverandør.
Tilliten til styrande organ og offentleg sektor er viktigare enn tidlegare. DFØ si innbyggarundersøking 2024 viser høg grad av tillit til det offentlege, sjølv om tilliten har gått ned frå 2021. Krava og rammevilkåra som underbygger tilliten til oss som offentleg aktør er i endring. Dette skjer blant anna gjennom EU-lovgivinga som grip inn i arbeidsprosessane våre. Bruk av ny teknologi, som for eksempel kunstig intelligens, inneber også auka krav til digital etikk.
Digitalisering gir oss verktøy til å møte dei langsiktige drivarane og forventningar i samfunnet på ein meir dynamisk og effektiv måte. Dette skaper moglegheiter for innovasjon og auka produktivitet.
Vidare blir tenester i større grad integrert i andre organisasjonar sine tenester og prosessar, eit fenomen som blir driven fram av digitale økosystem. Samspelet mellom maskin og maskin, som er hjørnesteinen i desse økosystema, vil føre til meir saumlause, effektive og adaptive prosessar.
Samtidig kan ny teknologi og nye former for digital infrastruktur, som for eksempel blokk-kjede og digitale lommebøker, gi grunnlag for sikrare, transparente og meir effektive transaksjonar. Desse teknologiane vil ikkje berre kunne transformere måten vi gjennomfører økonomiske transaksjonar på, men også korleis vi handterer og beskyttar data, noko som er essensielt i ei stadig meir digitalisert verd.
I lys av dei raskt skiftande digitale og samfunnsmessige landskapa, sett Brønnøysundregistera fokus på sikkerheit, innovasjon og berekraft. Vi ønsker å vere ein leiande aktør i den digitale transformasjonen av Noreg. Samtidig sikrar vi tillit, inkludering og verdiskaping.
Det auka trusselbildet og stadig meir komplekse digitale tenester, gjer at informasjonssikkerheit og sikkerheitsstyring framleis vil vere prioriterte i åra framover.
Automatisering og digitalisering gir mange moglegheiter for å effektivisere og forbetre offentlege tenester, men også nye utfordringar: Med innføringa av automatiserte system, endrar også behovet for kontroll og tilsyn seg. Vi vil openbert sjå ei utvikling der vi vil bruke meir ressursar på etterfølgande kontroll og analyser av registerkvaliteten.
Offentleg sektor står i tillegg ovanfor oppgåva med å forhindre digitalt utanforskap. Digitalisering skal forbetre tilgangen til, og kvaliteten på, offentlege tenester. Samtidig må dette balanserast med tiltak som sikrar at ingen blir ekskluderte. Vi må sikre at digitale tenester er universelt utforma, slik at dei er tilgjengelege for alle, uavhengig av funksjonsevne eller teknologisk kompetanse.
Kunstig intelligens er eit område innanfor informasjonsteknologien som utvikler seg raskt. Éin av ambisjonane i den nye strategien vår er å utnytte kunstig intelligens på ein forsvarleg måte. Vi vil utvide bruken av kunstig intelligens og automatisering for å forbetre effektiviteten i tenestene våre. Dette vil spesielt omfatte område som dataanalyse og saksbehandling for å førebygge økonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet.
Brønnøysundregistera søker samarbeid når vi skal utforske nye område. Vi vil utvide nettverket vårt av samarbeidspartnarar, både nasjonalt og internasjonalt, for å fremme innovasjon og dele kunnskap.
Ein kultur med innovasjon i sentrum og auka krav til omstillingsevne, krev at vi er i stand til å auke og dreie kompetansen. Vi vil derfor ha stort fokus på kompetanseutvikling, både ved nyrekruttering, men også gjennom omstilling internt til framtidig behov. Vi vil dei neste åra ta i bruk fleire tenester på den nye registerplattforma og prosjekta BRsys og BVR (Brukarvennlege registertenester) auker automatiseringsgraden i tenestene. Større grad av automatisering gir mindre behov for manuell saksbehandling, samtidig som behovet for drift og forvaltning av tekniske løysingar aukar. Dette gir etter kvart netto innsparingar og vil stille betydelege krav til omstilling ved Brønnøysundregistera. Arbeidet vil skje parallelt med utfasing av dei store prosjekta i perioden fram til 2028.
Det er i denne samanhengen viktig å understreke at omstilling er nødvendige prosessar, som samtidig gir moglegheiter både for Brønnøysundregistera, næringslivet og offentleg sektor. Alle må vi bidra til auka produktivitet. Etter kvart som vi gjer ferdig dei store prosjekta BRsys og BVR, vil vi sitte med kompetanse og erfaring på digitalisering, automatisering og effektivisering, som knapt nokon andre i Noreg har. Denne erfaringa og kompetansen må og bør sjølvsagt bli brukt i framtida. Målet er at Brønnøysundregistera da vil vere ein godt trimma organisasjon som kan ta på seg nye utviklingsoppgåver, til nytte for næringsliv og offentleg sektor i Noreg.
Avslutningsvis vil vi understreke at den høge tilliten vi har mellom aktørar i det norske samfunnet blir stadig meir utfordra av falske nyheiter, grønvasking, økonomisk- og arbeidslivskriminalitet for å nemne noko – dette også delvis driven av digitalisering og ny teknologi.
På den positive sida ser vi imidlertid at verifiserbare, samanliknbare og allment tilgjengelege data, kjernen i kva Brønnøysundregistera er bygd på, også er det beste verkemiddelet for å møte denne utfordringa. Vi er derfor sikre på at Brønnøysundregistera si rolle i samfunnet blir enda viktigare i dei komande åra.