Reelle rettshavarar i norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)
Sist oppdatert: 24. oktober 2024.
Sjekk om verksemda må registrere reelle rettshavarar:
Eit NUF som driv næringsverksemd i Noreg må registrere om dei har, eller ikkje har, reelle rettshavarar.
Nyttig å vite før registrering:
Dersom det utanlandske hovudføretaket høyrer heime i eit EØS-land, og har registrert dei reelle rettshavarane sine i eit tilsvarande register der, treng de berre å bekrefte det i skjemaet.
Ein reell rettshavar er ein norsk eller utanlandsk person som oppfyller eit eller fleire av kriteria:
-
eig meir enn 25 % av verksemda
-
kontrollerer meir enn 25 % av stemmerettane i verksemda
-
har rett til å peike ut eller avsette over halvparten av styremedlemmene i verksemda
Eksempel: Enkelte aksjeklassar kan i samsvar med avtale/vedtekter gi rett til å velje eit gitt antal av selskapet sine styremedlemmer.
-
innflytelse/kontroll på annan måte
Eksempel: avgjerds- eller vetorettar, eller situasjonar der personen si anbefaling konsekvent blir følgd av selskapet sine majoritetsaksjonærar eller eigarar.
Du er reell rettshavar på direkte grunnlag eller indirekte grunnlag.
Når det ikkje er ei verksemd mellom personen og den registreringspliktige verksemda, er hen reell rettshavar på direkte grunnlag.
Eksempel:
Ein person som kontrollerer ein tilstrekkeleg andel av ei verksemd som igjen har tilstrekkeleg kontroll i verksemd som skal registrere reelle rettshavarar.
For å vere reell rettshavar må ein person indirekte kontrollere meir enn 25 % i første nivå, deretter ha indirekte kontroll på 50 % eller meir i dei neste nivåa.
På første nivå gjeld følgande reglar:
- eigarskap over 25 %
- stemmerett over 25 %
- rett til å peike ut eller avsette over halvparten av styret
- innflytelse/kontroll på annan måte
På alle andre nivå under gjeld berre:
- stemmerett 50 % eller meir
- rett til å peike ut eller avsette over halvparten av styret
Verksemder som ligg mellom den registreringspliktige verksemda og reelle rettshavarar blir kalla mellomliggande verksemder.
Ein person kan vere reell rettshavar på indirekte grunnlag på tre ulike måtar:
Dei fleste finn dei reelle rettshavarane i eigne dokument som stiftelsesdokument og vedtekter, aksjeeigarbok og aksjonæravtalar. Stort sett vil det vere tilstrekkeleg informasjon der for å dokumentere kven som er reelle rettshavarar.
Det er styret som har ansvar for å oppbevare opplysningar om kven som er verksemda sine reelle rettshavarar.
- fullt namn
- fødsels- eller d-nummer
Dersom ein reell rettshavar ikkje har fødselsnummer eller d-nummer, legg du inn fødselsdatoen. - bustadland
- alle statsborgarskap
- organisasjonsnummeret – der grunnlaget er indirekte
Du må også legge inn om personen er reell rettshavar på grunn av eigarskap, stemmerett, rett til å peike ut eller avsette styremedlemmer, eller kontroll/innflytelse på annan måte.