Rettsvernstidspunkt og prioritet
Sist oppdatert: 29. februar 2024.
Formålet med tinglysingar er å sikre kreditor rettsvern ovanfor tredjepersonar som gjer gjeldande konkurrerande rettar.
Vi gjer oppmerksam på at rettsstiftelsar som er tinglyste før 01.03.2024 berre vil ha rettsvernstidspunkt etter dato, og ikkje klokkeslett.
Rettsvernstidspunkt
Frå og med 1. mars 2024 får eit dokument som blir sendt inn elektronisk rettsvern på det konkrete klokkeslettet (time og minutt) rettsstiftelsen kjem inn til Lausøyreregisteret. Eit papirdokument som vi får innan klokka 14:00, vil bli ført i registeret same dag som det er kjem inn, og blir gitt rettsvern klokka 21:00 same dag. Kjem papirdokumentet inn seinare, vil det bli ført neste vykedag. Unntak gjeld elles for dei dagane der kontortida sluttar før klokka 14:00, der papirdokument skal registrerast første påfølgande vykedag. Dette gjeld onsdag før skjærtorsdag, og julaftan og nyttårsaftan der desse dagane fell på ein vekedag.
Prioritet
Prioritetsrekkefølga følger fortrinnsvis av tinglysingslova § 20, og utgangspunktet er prinsippet om «først i tid, best i rett». Dette inneber at den rettsstiftelsen som er registrert først, ved kollisjonstilfelle, går framfor eit rettserverv som ikkje er registrert samtidig eller tidlegare. Rettserverv som er registrert inn samtidig er likestilte. Unntak gjeld for utleggs- og arrestforretningar, som går framfor andre rettserverv som er registrert same dag. Er fleire utleggsforretningar registrert same dag, går den eldste framfor.
Under følger nokre generelle eksempel på kva betydning rettsvernstidspunkt etter klokkeslett i Lausøyreregisteret kan få med tanke på prioritet.
Eit elektronisk dokument vil i dei fleste tilfelle bli gitt prioritet framfor papirdokument. Dette skuldast at det elektronisk tinglyste dokumentet blir gitt prioritet på det konkrete klokkeslettet det kjem inn, mens papirdokumentet blir gitt prioritet klokka 21:00 same dag som det kjem inn, så framt at det kjem inn til registeret før klokka 14:00. Dette inneber at dersom eit elektronisk dokument og eit papirdokument kjem inn til Lausøyreregisteret same dag klokka 13:59, vil det elektronisk tinglyste dokumentet bli gitt prioritet framfor papirdokumentet.
Når eit papirdokument er kome inn til registeret innan klokka 14:00 same dag, vil det bli gitt prioritet framfor elektroniske dokument som er kome inn til registeret etter klokka 21:00.
Når to pantedokument blir tinglyste klokka 21:00 same dag, vil dokumenta bli gitt lik prioritet. Dette gjeld uavhengig av om dokumentet er papirbasert eller om dokumentet er sendt inn elektronisk. Grunngivinga er at dokumentet som blir tinglyst elektronisk blir gitt prioritet på det konkrete tidspunktet det er kome inn, som i dette tilfellet er klokka 21:00. Det papirbaserte dokumentet blir også gitt prioritet klokken 21:00 så framt at det kom inn til registeret før klokka 14 same dag. Dette er det einaste tilfellet der eit elektronisk tinglyst dokument og eit papirdokument som er tinglyst, blir gitt lik prioritet.
Utleggs- og arrestforretningar går framfor frivillige pant som er registrerte same dag. Dette gjeld uavhengig av om panta er elektroniske eller papirbaserte. Dersom ei frivillig pantsetting som er komen inn elektronisk blir registrert inn eksempelvis klokka 11:32, vil ei tvangspantsetting som er registrert inn klokka 12:32 bli gitt prioritet framfor det frivillige pantet. Dette til trass for at tvangspantet i tid er registrert etter det frivillige pantet.
Vi gjer oppmerksam på at Lausøyreregisteret ikkje har anledning å rettleie konkret når det gjeld prioriteten mellom ulike rettsstiftelsar. Dette skuldast at Lausøyreregisteret ikkje sit med den totale oversikta over forhold som kan gjere seg gjeldande ved ei slik vurdering.