Ver obs på moglege svindelforsøk
Sist oppdatert: 26. oktober 2023.
Vi tar ikkje kontakt med deg for å selje tenester og vi ber deg aldri om å oppgi kredittkortnummeret ditt.
Sjekk at nettadressa er riktig
Det finst nettadresser som er veldig lik vår, så ver sikker på at du er inne på riktig nettstad når du skal registrere noko hos oss. Brreg.no er nettadressa for alle tenestene våre. Skal du registrere noko eller endre opplysningar i registera våre, må du også logge deg inn via ID-porten med for eksempel Bank-ID for å kome til tenesta.
Vi ber deg aldri bekrefte endringar
Registreringar og endringar hos oss gjer du i skjemaet Samordna registermelding. Når du har signert og sendt inn, har du gjort det du skal gjere. Vi vil aldri be deg om å bekrefte opplysningane i ein eigen e-post eller sms. Du vil heller aldri få sms frå oss der vi ber deg om å gå inn på lenker.
Vi tar ikkje betalt for rettleiing
Nokon har opplevd at telefonseljarar gir seg ut for å representere Brønnøysundregistera og tilbyr tenester mot betaling i vårt namn. Vi tar aldri kontakt for sal av tenester eller ber deg om å oppgi kredittkortnummeret ditt. Rettleiing hos oss kostar ikkje pengar!
Er du usikker på om det er Brønnøysundregistera som har kontakta deg, ta kontakt med kundeservice hos oss.