Informasjon om anke
Sist oppdatert: 20. februar 2024.
Har du fått nekta ei tinglysing kan du enten rette påpeikte feil eller anke vedtaket.
Dersom du rettar det som er årsaka til at dokumentet blei nekta tinglyst treng du ikkje å anke vedtaket. Det står i vedtaksbrevet kvifor dokumentet ikkje blei tinglyst. Når du har retta dokumentet sender du det tilbake til oss for tinglysing.
Slik ankar du eit vedtak
Dersom du er ueinig i nektingsvedtaket vårt, kan du anke. Du kan anke innan ein månad frå vedtaket blei sendt frå oss. Anken må vere skriftleg og innehalde:
- kva avgjerd du ankar på
- kvifor du meiner avgjerda om nekting er feil
- originalt dokument
Send anken til:
Lausøyreregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund
Kva kostar det å anke?
Det kostar 6 gonger rettsgebyret å anke. Oversikt over satsar for rettsgebyr finn du i rettsgebyrforskrifta. Du må betale gebyret på førehand .
Slik behandlar vi anken
Dersom du ankar, vil vi vurdere avgjerda på nytt. Opprettheld vi avgjerda, blir anken send vidare til Hålogaland lagmannsrett for avgjerd.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss. Her finn du kontaktinformasjonen vår.