Endring i terskelverdiane for fråval av revisjon
Publisert: 28. mars 2023 - oppdatert: 28. april 2023
Justeringar i korleis dei nye terskelverdiane får verknad
Føretaksregisteret har i etterkant av nyheitssaka fått tilbakemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet om korleis endringa av terskelverdiane skal få verknad. Les om verknadane av terskelverdiane frå 1. mai i oppdatert nyheitssak.
Frå 1. mai 2023 er det endringar i terskelverdiane som avgjer om selskap kan bestemme at dei ikkje skal ha revisor.
Selskap kan velje bort revisjon dersom driftsinntektene er lågare enn 7 millionar kroner, balansesummen er lågare enn 27 millionar kroner og gjennomsnittleg antal tilsette er 10 eller færre.
Når kan du bestemme fråval av revisjon?
Dersom du ønsker å velje fråval av revisjon for årsrekneskapen for rekneskapsåret 2023, må årsrekneskapen for rekneskapsåret 2022 vise at selskapet var under terskelverdiane som gjaldt per 31.12.2022. Les meir om fråval av revisjon.
Årsrekneskapen for rekneskapsåret 2023 vil avgjere om selskapet kan velje fråval av revisjon for rekneskapsåret 2024 etter dei nye terskelverdiane.
Har du fått krav om å melde revisor?
Dersom du har fått krav om å melde revisor, betyr det at selskapet har overstige terskelverdiane i rekneskapsåret 2022. Selskapet har derfor revisjonsplikt for heile det påfølgande rekneskapsåret, altså rekneskapsåret 2023. Selskapet kan dermed ikkje bestemme fråval av revisjon i 2023.
Har du avvikande rekneskapsår?
For dei som har avvikande rekneskapsår vil det avgjerande vere om avslutningsdatoen for rekneskapsperioden er 1. mai 2023 eller seinare.
Aktuelt regelverk
- vilkåra for avgjerd om fråval av revisjon finn du i aksjelova § 7-6
- dei nye terskelverdiane finn du her
Vil du ha nyheiter frå oss rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet vårt.