Brønnøysundregistera inviterer!
Publisert: 10. mai 2022
Registerkonferansen 21.-22. juni: Berekraftig konferansetema og blokkjedeprelansering.
Registerkonferansen i Brønnøysund er i år flytta til sommarmånaden juni og er for alle som syns årets tema er interessant.
– Vi inviterer til gratis todagars konferanse med tema «Saman for ei framtidsretta og berekraftig utvikling». Vi har spennande interne foredragshaldarar og har vore så heldig å få med oss blant andre relasjonshøvding Marco Elsafadi, investor Silvija Seres og langvegsfarande Minna Rintala frå det finske patentstyret, seier kommunikasjonsdirektør Kristine Aasen.
Erfaringar frå frivillige organisasjonar
Brønnøysundregistera jobbar berekraftig og ser fram til på konferansen sin første dag å presentere ein viktig berebjelke i samfunnet: Frivillig Noreg.
– Vi har med oss generalsekretær i Frivillig Noreg, Stian Slotterøy Johnsen. Generalsekretær Siri Nodland frå Fundraising Norway er med oss, og vi er spesielt stolte av å presentere lokale frivillige organisasjonar sine erfaringar. Frå Brønnøysund har vi med Solveig Lomsdal frå DNT, BIFF idrettsgruppe for funksjonshemma og Hjernesvulstforeininga, seier Aasen.
Hybrid- og avstandsleiing
Ho ser også fram til korleis framtidig leiing vil sjå ut.
– Vi har med oss Vigdis Austrheim, ekspert på hybrid- og avstandsleiing, noko som har vore aktuelt i fleire år, og som er komen for å bli, seier Aasen.
Spennande prelansering
I år blir det også ei eksklusiv prelansering under konferansen.
– På konferansen sin andre dag skal vi gi eit innblikk i Brønnøysundregistera sitt økosystem for eigarskapsinformasjon, noko som er ein heilt ny blokkjedebasert distribusjonsteneste. Blant andre tema ser vi fram til å presentere den nye registerplattforma vår, reelle rettshavarar og våpenforvaltning, avsluttar Aasen.
I tillegg til spennande foredrag og prelansering i lokala våre, blir det blant anna tur til Torghatten for dei som ønsker det og middag på Hildurs urterarium.
Meir om konferansen, programmet og påmelding.
Vil du ha nyheiter frå oss rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet vårt.