Opplysningane er tilgjengelege for alle
Sist oppdatert: 24. juni 2022.
Når verksemda di er registrert og har fått organisasjonsnummer, er opplysningane du har sendt inn tilgjengelege for alle.
Det finst nokre få unntak: fødselsnummer og d-nummer er berre tilgjengelege for kredittopplysningsføretak og offentlege myndigheiter.
For alle verksemder som driv næringsaktivitet, blir registreringa og alle endringar kunngjort hos oss.
Vedlegg er også offentlege
Alle vedlegg du sender, som for eksempel møteprotokoll, stiftelsesdokument og vedtekter, er også offentlege. Du kan stryke ut informasjon i møteprotokollen, så lenge den oppfyller krava til kva ein protokoll skal innehalde.