Aksjeeigar i allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 19. juli 2024.
Aksjeeigarane (aksjonærane) er dei som eig allmennaksjeselskapet.
Allmennaksjeselskap er berekna på dei selskapa som har stor spreiing på aksjeeigarane sine, det vil seie mange aksjeeigarar, men det er ikkje noko minstekrav til tal på aksjeeigarar. Aksjane kan teiknast av eller seljast til ein ubestemt krets, ålmenta. Dette kan vere både private og juridiske personar. Eksempel på juridiske personar er aksjeselskap, andre allmennaksjeselskap og ansvarleg selskap.
Alle allmennaksjeselskap skal ha eit aksjeeigarregister som er registrert i ein godkjent verdipapirsentral. Eit slikt register skal blant anna innehalde ei oversikt over alle aksjeeigarar, adressa deira og kor mange aksjar den enkelte eig. Aksjeeigarregisteret skal vere oppdatert til ei kvar tid, og tilgjengeleg for alle.
Rettar og plikter
Ansvaret for aksjeeigarane er avgrensa, det vil seie at du ikkje har plikt til å yte høgare innskot i selskapet enn det som følger av aksjeteikninga, og som aksjeeigar kan du ikkje bli stilt til ansvar for gjeld selskapet har stifta ut over det du har betalt for aksja. Kreditorane kan berre gå til selskapet med krava sine.
Du har rett til å stemme på generalforsamlinga og til å få utbytte frå selskapet. Samtidig har du plikt til å betale inn aksjekapitalen, og du har ansvar for å opptre forsvarleg i rolla di som aksjonær.
Avtaler
Aksjeeigarane i eit selskap kan velje å inngå ei avtale som regulerer forholdet mellom dei. Det fins ingen krav til korleis ein sånn avtale skal sjå ut. Krav til utbytte eller arbeidsinnsats kan vere eksempel på forhold som kan bli regulert i ein slik avtale.
Det er også mogleg å opprette avtaler mellom selskapet og aksjeeigar, men her er det eigne krav til framgangsmåten. Desse krava finn du blant anna i allmennaksjeloven § 3-8.
Avslutte eigarforhold
Dersom spesielle vilkår er til stade, kan du som aksjeeigar tre ut av selskapet eller løyse andre aksjeeigarar ut av selskapet. Dette er forhold som blir regulerte av allmennaksjelova.