Generalforsamling i allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 4. juli 2023.
Alle allmennaksjeselskap har plikt til å ha minst ei generalforsamling i året.
Generalforsamlinga utgjer den øvste myndigheita i selskapet. Selskapet sine aksjonærar har møte- og stemmerett på generalforsamlinga, enten sjølv eller gjennom fullmektig. Styreleiar, dagleg leiar og leiaren for bedriftsforsamlinga skal også vere til stade på generalforsamlinga. Andre styremedlemmer og medlemmer av bedriftsforsamlinga kan delta og har rett til å uttale seg, men dei har ikkje stemmerett.
Generalforsamlinga kan haldast ved at aksjeeigarane møtast fysisk, eller ved at alle eller nokre av dei deltar ved hjelp av elektroniske hjelpemidlar.
Generalforsamlinga må finne stad innan seks månader etter utgangen av kvart rekneskapsår. Dette er den ordinære generalforsamlinga. Alle andre generalforsamlingar blir rekna som ekstraordinære.
På den ordinære generalforsamlinga skal blant anna årsrekneskapen, årsmeldinga og utdeling av utbytte godkjennast. I tillegg skal andre saker som etter lov, eller ifølge vedtektene, høyrer inn under generalforsamlinga bli behandla.
Ekstraordinær generalforsamling
Styret, bedriftsforsamlinga eller leiaren for bedriftsforsamlinga kan kalle inn til ekstraordinær generalforsamling ved behov. Allmennaksjelova inneheld også reglar om at revisor eller aksjonær kan krevje at styret kallar inn til ekstraordinær generalforsamling. Allmennaksjelova regulerer korleis ekstraordinær generalforsamling skal gjennomførast og kva saker som kan eller skal behandlast.
Generalforsamlingsprotokoll
Det skal alltid bli oppretta protokoll fra generalforsamlinga. Generalforsamlingsprotokollen er ein særleg viktig dokumentasjon av selskapet sin situasjon og disposisjonar. Han må derfor oppfylle ein del formelle krav til innhald og signering.
Protokollen frå ordinær eller ekstraordinær generalforsamling skal innehalde informasjon om
- kva selskap som held generalforsamlinga
- dato og stad for generalforsamlinga
- kor mange aksjar som var representerte
- godkjenning av innkallinga
- sakene som har vore til behandling/vedtak som er gjort
Protokollen skal signerast av møteleiaren og minst ein annan person, vald av generalforsamlinga blant dei som er til stade.