Roller i allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 18. juli 2024.
Pliktige roller i eit allmennaksjeselskap er styre, dagleg leiar og revisor.
Rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.
Eit allmennaksjeselskap skal ha eit styre som består av minst tre medlemmer
Styret må alltid ha ein leiar.
Minst halvparten av medlemmene i styret skal vere busette i Noreg, ein EU/EØS-stat, Storbritannia, Nord-Irland eller Sveits. Dette gjeld også eventuelle varamedlemmer. Styret er ansvarleg for drift og organisering av selskapet.
Val av styre
Medlemmene av styret blir vanlegvis valde av generalforsamlinga, som også bestemmer om det skal veljast varamedlemmer. Dagleg leiar kan ikkje vere medlem av styret, varamedlem eller observatør.
Kjønnsrepresentasjon
Begge kjønn skal vere representerte i styret:
- Har styret to eller tre medlemmer, skal begge kjønn vere representerte
- Har styret fire eller fem medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst to
- Har styret seks til åtte medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst tre
- Har styret ni medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst fire, og har styret fleire medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent
Reglane gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmer. Styremedlemmer og varamedlemmer må kvar for seg oppfylle desse krava.
Kjønnsrepresentasjon og representantar frå dei tilsette
For tilsetterepresentantar medfører reglane om kjønnsrepresentasjon at når det skal veljast to eller fleire tilsetterepresentantar som styremedlemmer, skal begge kjønn vere representerte. Det samme gjeld for varamedlemmer til tilsetterepresentantar.
Har selskapet meir enn 200 tilsette, må kjønnssamansettinga på styremedlemmene som er valde av og blant dei tilsettte oppfylle desse krava:
- Har styret to medlemmer, skal begge kjønn vere representert
- Har styret tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to styremedlemmer ha same kjønn
- Har styret fem eller seks medlemmer, kan maksimalt tre styremedlemmer ha same kjønn
- Har styret sju medlemmer, kan maksimalt fire styremedlemmer ha same kjønn
- Har styret åtte medlemmer, kan maksimalt fem styremedlemmer ha same kjønn
- Har styret ni eller fleire medlemmer, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn.
Tilsvarande gjeld for varamedlemmer som er valde av dei tilsette. Styremedlemmer og varamedlemmer skal vurderast kvar for seg.
Unntak: Dersom selskapet har 200 tilsette eller færre, er det ikkje krav om kjønnsrepresentasjon i styret for representantar valde av dei tilsette, dersom eitt av kjønna utgjer mindre enn 20 prosent av samla tal på tilsette i selskapet på det tidspunktet valet skjer. Dersom unntaket blir brukt, må dette stadfestast.
Når du skal registrere styre, må du legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser valet
- eventuelt dokumentasjon som viser kven dei tilsette har vald
- eventuell stadfesting på at eitt av kjønna utgjer mindre enn 20 prosent av dei tilsette
Eit allmennaksjeselskap har revisjonsplikt, og må velje revisor
Eit selskap kan velje fleire revisorar. Revisoren må vere statsautorisert.
Revisor blir vald av generalforsamlinga og må stadfeste i skjemaet Samordna registermelding at hen tar på seg oppdraget.
Når du skal registrere revisor, må du legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser valet
Eit allmennaksjeselskap skal ha dagleg leiar
Dagleg leiar må som hovudregel vere ein fysisk person som er busett i Noreg, ein EU/EØS-stat, Storbritannia, Nord-Irland eller Sveits.
Selskapet kan tilsette fleire daglege leiarar, da må dette gå fram av vedtektene. Dagleg leiar kan ikkje vere medlem av styret. Hen kan heller ikkje vere varamedlem eller observatør.
Eit allmennaksjeselskap kan velje om dei skal ha rekneskapsførar
Dersom selskapet bruker rekneskapsførar, skal du registrere det i Einingsregisteret. Ved endring av rekneskapsførar skal du også sende melding til Einingsregisteret. Det er berre mogleg å registrere autoriserte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.
Rekneskapsførar må stadfeste i Samordna registermelding at hen tar på seg oppdraget.
Signatur er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av selskapet i alle samanhengar
Styret i allmennaksjeselskapet har alltid signaturrett i fellesskap. I tillegg kan styret tildele signaturretten til eit utval styremedlemmer, til dagleg leiar eller namngitte tilsette, dersom ikkje anna er bestemt i vedtektene. Dersom det er fleire, kan ein velje om dei skal ha fullmakt kvar for seg, eller i fellesskap. Andre avgrensingar, for eksempel tidsmessige eller beløpsmessige, kan ikkje registrerast.
Signaturrett kan bli tatt tilbake når som helst.
Når du skal registrere signatur, må du legge ved
- protokoll frå styremøtet som viser tildeling av signatur. Eventuelt kan heile styret signere i skjemaet, da treng du ikkje å legge ved noko.
Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av selskapet i forbindelse med den daglege drifta
Innehavaren av prokura blir kalla prokurist. Du kan ikkje bruke prokura til å hefte eller selje selskapet sin faste eigedom.
Ein person som har prokura kan ikkje overføre den til ein annan person. Eit allmennaksjeselskap kan gi prokura til ein eller fleire personar. Dersom det er fleire, kan ein velje om dei skal ha fullmakt kvar for seg, eller i fellesskap. Andre avgrensingar, for eksempel tidsmessige eller beløpsmessige, kan ikkje registrerast.
Prokura kan bli tatt tilbake når som helst.