Stadfesting av motteke aksjeinnskot allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 29. juli 2024.
Ved registrering av eit nytt allmennaksjeselskap, og ved auke av aksjekapital, må du legge ved ei stadfesting frå revisor, finansinstitusjon, advokat eller rekneskapsførar som stadfestar at aksjekapitalen er motteken av selskapet.
Finansinstitusjon, advokat og rekneskapsførar kan berre gi stadfestinga i dei tilfella heile aksjekapitalen eller kapitalauken består av pengar.
Stadfestinga skal innehalde
- opplysning om beløpet som er satt inn, og at beløpet gjeld aksjeinnskot
- føretaksnamnet på det selskapet stadfestinga gjeld
- dato
- underskrift av den som avgir stadfestinga
- namnet på finansinstitusjonen/revisoren/advokaten/rekneskapsføraren som gir stadfestinga
Det er ikkje tilstrekkeleg med ei underteikna kvittering, bankutskrift eller liknande.
Dersom finansinstitusjonen som stadfester innbetalinga høyrer til i ein EØS-stat, må du sende inn heile meldinga per post. Her kan du laste ned papirskjemaet.
Elektronisk innsending av stadfesting
Stadfestinga skal vere signert elektronisk dersom meldinga til Føretaksregisteret blir send inn elektronisk. Det er derfor ikkje nødvendig å datere og underskrive ho på annan måte.
Når du har lasta opp stadfestinga, må du legge inn organisasjonsnummeret til revisoren, finansinstitusjonen, advokaten eller rekneskapsføraren som har utarbeidd stadfestinga. Dei får da ei signeringsoppgåve i innboksen sin i Altinn som dei må gå inn og signere før meldinga kan sendast inn.
Dersom du ønsker å lese meir om elektronisk signering, kan du gjere det på sida Samordna registermelding.