Nedsetting av aksjekapital i eit allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 29. mai 2024.
Generalforsamlinga kan vedta å sette ned aksjekapitalen.
Nedsettingsbeløpet kan bli brukt til utdeling til aksjonærane, sletting av selskapet sine eigne aksjar eller avsetning til fond. Beløpet kan også bli brukt til dekning av tap som ikkje kan dekkast på annan måte.
Styret fremmar forslag til generalforsamlinga
Første steg i ei kapitalnedsetting er at styret må utarbeide eit forslag til generalforsamlinga om at kapitalen skal settast ned, og foreslå nødvendige vedtektsendringar. Styret må også foreslå korleis pengane skal bli brukte, og utarbeide ei grunngjeving for forslaget med bakgrunn i siste fastsette rekneskap eller ein mellombalanse. Generalforsamlinga fattar vedtak med utgangspunkt i styret sitt forslag.
Registrering i Føretaksregisteret
Kapitalnedsetting skal registrerast i Føretaksregisteret og bli kunngjort på kunngjeringssidene våre. Dersom nedsettinga av aksjekapitalen krev kreditorvarsel, gjeld ein kreditorfrist på seks veker.
Kapitalnedsetting som krev kreditorvarsel melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to er avgjerd om kapitalnedsetting og gjennomføring.
Avgjerd om kapitalnedsetting må du melde til Føretaksregisteret innan to månader etter generalforsamlinga si avgjerd, elles fell avgjerda bort.
Kva skal avgjerda innehalde?
Ved nedsetting av aksjekapitalen skal avgjerda minst gi opplysningar om
- nedsettingsbeløpet, eventuelt eit høgare beløp ved utdeling til aksjonærane utover nedsettingsbeløpet
- kva beløpet skal bli brukt til
- om nedsettinga blir gjennomført ved innløysing av aksjar eller ved nedsetting av pålydande
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser vedtak om kapitalnedsetting og endring av vedtektene
Generalforsamlinga må vedta vedtektsendringar i forbindelse med kapitalnedsetting. Dette er fordi aksjekapitalen alltid er bestemt i vedtektene til selskapet.
Du kan melde gjennomføring av kapitalnedsetting etter at du har meld avgjerd, og kreditorfristen har gått ut.
Du må melde gjennomføring av kapitalnedsetting til Føretaksregisteret innan eitt år etter generalforsamlinga si avgjerd, elles fell avgjerda bort.
Du må legge ved
- oppdaterte vedtekter
- erklæring frå styret og revisor om at forholdet til kreditorane er avklart og at det ikkje er noko til hinder for gjennomføringa
Kapitalnedsettinga trer i kraft når gjennomføringa er registrert i Føretaksregisteret.
Aksjeeigarregisteret skal ajourførast med eventuelle nye opplysningar om aksjefordeling.
Kapitalnedsetting utan kreditorvarsel
Nedsettinga kan gjennomførast utan kreditorvarsel dersom heile nedsettingsbeløpet skal nyttast til dekning av tap som ikkje kan dekkast på annan måte. Du melder då både avgjerd og gjennomføring i eitt trinn.
Dersom beløpet går til dekning av tap og nedsettinga blir gjennomført utan kreditorvarsel, kan ikkje selskapet dele ut utbytte før det er gått tre år. Dersom selskapet ønsker at det skal kunngjerast kreditorvarsel i desse tilfella, må det opplysast særskilt om det i meldinga.
Ved dekning av tap må du legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser vedtak om kapitalnedsetting og vedtektsendring
- vedtekter
- erklæring frå revisor som stadfestar at tapet ikkje kunne bli dekt på annan måte
Dersom aksjekapitalen samtidig med ei kapitalnedsetting blir auka ved nyteikning av aksjar mot innskot, slik at aksjekapitalen blir minst like høg som tidlegare, kan kapitalnedsettinga skje utan kreditorvarsel. Da gjeld dei same vedleggskrava som ved kapitalauke.