Auke av aksjekapital i eit allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 29. mai 2024.
Aksjekapitalen i eit allmennaksjeselskap kan aukast ved nyteikning av aksjar eller ved at selskapet sine eigne midlar blir overførte frå fri eigenkapital, også kalla fondsemisjon.
Ei nyteikning av aksjar fører til at selskapet blir tilført ny kapital eller reduserer gjeldsbelastinga. Ein fondsemisjon inneber berre ein rekneskapsmessig ompostering frå fri eigenkapital til aksjekapital, og fører ikkje til at selskapet blir tilført ny kapital eller reduserer gjelda.
Styret fremmar forslag til generalforsamlinga
Første steg i ein kapitalauke er at styret må utarbeide eit forslag til generalforsamlinga om at kapitalen skal aukast med eit gitt beløp, og foreslå nødvendige vedtektsendringar. Styret foreslår også om kapitalen skal skaffast ved overføring av fondsmidlar, ved konvertering av gjeld eller om aksjonærane skal betale inn meir. Innbetalinga av meir aksjekapital kan vere i form av både pengar og eigedelar. Styret må ta stilling til om det skal skrivast ut nye aksjar eller om dei eksisterande aksjane skal få høgare pålydande verdi.
Generalforsamlinga vedtar kapitalauken
Det er generalforsamlinga som må vedta kapitalauken og nye vedtekter. Styret kan vedta kapitalauke dersom dei har fått fullmakt frå generalforsamlinga.
Ved nyteikning av aksjar skal avgjerda om kapitalauke minst gi opplysningar om
- beløpet aksjekapitalen skal aukast med, eller øvre og nedre grense for auken
- aksjane sin pålydande
- beløpet som skal betalast for kvar aksje
- kven som kan teikne dei nye aksjane
- eventuelt om aksjane skal kunne teiknast ved innskot med andre eigedelar enn pengar eller ved motrekning
Ved fondsemisjon skal avgjerda om kapitalauke minst gi opplysningar om
- beløpet aksjekapitalen skal aukast med
- om auken skal gjennomførast ved auke av aksjane sin pålydande eller om det skal skrivast ut nye aksjar
Dersom det blir utferda nye aksjar skal eksisterande aksjonærar tildelast aksjar i same forhold som dei eig aksjar frå før. Det kan aldri bli avtalt at berre nokre av aksjeeigarane skal få nye aksjar gjennom ein fondsemisjon.
I tillegg må det i begge tilfelle bli gitt informasjon knytt til teikningsfrist, oppgjer, utbytterett og utgifter.
Aksjekapitalen sin størrelse og verdi er alltid bestemt i selskapet sine vedtekter. Derfor må generalforsamlinga vedta vedtektsendring i forbindelse med kapitalauken.
Dersom aksjeinnskotsplikta skal kunne gjerast opp ved motrekning, det vil seie konvertering av gjeld, eller med tingsinnskot som er andre eigedelar enn penger, skal revisor utarbeide og underteikne ei eiga utgreiing for dette. Tidspunktet for verdsetting kan tidlegast vere fire veker før generalforsamlinga si avgjerd.
Registrering i Føretaksregisteret
Kapitalauken må meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at teikningsfristen har gått ut, elles fell vedtaket bort. Dersom kapitalauken skjer ved fondsemisjon, gjeld ikkje fristen.
Dokument du alltid må legge ved er
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om kapitalauke og endring av vedtekter, eller protokoll frå styremøte dersom styret gjer bruk av fullmakt
- vedtekter
- erklæring frå revisor, finansinstitusjon, advokat eller rekneskapsførar som viser innbetaling av aksjeinnskotet dersom dette berre består av pengar
Ved tingsinnskot eller ved konvertering av gjeld, må du i tillegg legge ved
- utgreiing som er utarbeidd og underskriven av revisor
- erklæring frå revisor om innbetaling av aksjeinnskotet