Vedlegg når du melder opplysningar om undereiningar
Sist oppdatert: 31. juli 2024.
Verksemder om skal melde opplysningar om fleire undereiningar, må melde dette i eit eige vedlegg.
Du kan fylle ut og bruke Skjema for undereiningar – aktivitet på fleire adresser som vedlegg.
Ulike krav til innhald i vedlegg
Det er ulike krav til innhald i vedlegget, avhengig av om du skal melde ny undereining, endre opplysningar på eksisterande eller registrere sletting. Her finn du oversikt over dei ulike krava.
Type informasjon: | Opplysningar som du må melde: |
---|---|
Organisasjonsnummer | – hovudeininga sitt organisasjonsnummer i feltet for hovudeining |
Undereininga sitt namn | – undereininga sitt fullstendige namn |
Dato for start av aktivitet | – dato for når aktiviteten blei eller blir starta |
Undereininga si gateadresse | – gate- eller vegnamn, husnummer eller stadnavn (om gate- eller vegadresse ikkje finst) – postnummer og poststad – kommune (nummer eller namn) |
Aktiviteten til undereininga | – forklaring av kva slags aktivitet som blir driven i undereininga |
Undereininga si postadresse | – postboksadresse, gate- eller vegnamn, husnummer eller stadnamn – postnummer og poststad – kommune (nummer eller namn) |
Andre opplysningar | – telefonnummer, e-postadresse, nettadresse |
Vedlegget må innehalde opplysningar om
- undereininga sitt namn
- organisasjonsnummer
- kva opplysningar som skal registrerast
Om organisasjonsnummeret er ukjent, kan du søke i nøkkelopplysningar frå Einingsregisteret.
Type informasjon: | Opplysningar du må melde: |
---|---|
Organisasjonsnummer | – hovudeininga sitt organisasjonsnummer i feltet for hovudeining |
Undereininga sitt namn | – undereininga sitt fullstendige namn |
Verksemda har overtatt undereining frå anna verksemd | – organisasjonsnummer til verksemda undereininga er overtatt frå – namn og adresse til tidlegare eigar eller drivar – dato for når undereininga blei overtatt |
Verksemda har overdratt undereining til anna verksemd | – organisasjonsnummer til verksemda undereininga er overdratt til – namn og adresse til ny eigar eller drivar – dato for når undereininga blei overdratt |
Undereininga si gateadresse | – gate- eller vegnamn, husnummer eller stadnavn (om gate- eller vegadresse ikkje finst) – postnummer og poststad – kommune (nummer eller namn) |
Undereininga si postadresse | – postboksadresse eller gate- eller vegnamn, husnummer eller stadnavn – postnummer og poststad – kommune (nummer eller namn) |
Aktiviteten til undereininga | – forklaring av kva slags aktivitet som blir driven i verksemda |
Andre opplysningar | – telefonnummer, e-postadresse, nettadresse |
Vedlegget må innhalde opplysningar om
- undereininga sitt namn
- kva som skal skje med undereininga
Om organisasjonsnummeret er ukjent, kan du søke i nøkkelopplysningar frå Einingsregisteret.
Type informasjon: | Opplysningar du må melde: |
---|---|
Organisasjonsnummer | – hovudeininga sitt organisasjonsnummer i feltet for hovudeining |
Undereininga sitt namn | – undereininga sitt fullstendige namn |
Sletting | – dato for når aktiviteten blei eller blir lagt ned. |
Verksemda har overdratt undereining til anna verksemd | – organisasjonsnummer til verksemda undereininga er overdratt til – namn og adresse til ny eigar eller drivar – dato for når undereininga blei eller blir overdratt |