Registrering i Føretaksregisteret innan utgangen av 2021
Publisert: 2. september 2021 - oppdatert: 2. september 2021
Hugs å vere ute i god tid.
Føretaksregisteret må ha fått melding om avgjerd om fusjon, fisjon, kapitalnedsetting eller avvikling innan 11. oktober.
Om du sender inn melding om gjennomføring av desse endringane og andre meldingar til Føretaksregisteret etter 6. desember, kan det vere vanskeleg å få desse registrert innan utgangen av året.
Vi har maskinell saksbehandling av enkelte gjennomføringsmeldingar. Sjå kva gjennomføringsmeldingar som blir behandla maskinelt.
Papirskjema
Om du må sende oss melding på papir, bør vi ha fått avgjerd om fusjon, fisjon, kapitalnedsetting eller avvikling innan 1. oktober.
Gjennomføringsmeldingar og andre meldingar på papirskjema som kjem inn til Føretaksregisteret etter 30. november, kan vere vanskeleg å få registrert innan utgangen av 2021.
Vil du ha nyheter fra oss rett i innboksen? Meld deg på vårt nyhetsbrev.