Partiregisteret
Sist oppdatert: 23. mai 2024.
Når du skal registrere eit nytt parti, må du sende inn fleire dokument
Erklæring: minst 5 000 personar med stemmerett ved stortingsval må skrive under på ei erklæring om at dei ønsker partinamnet registrert. Erklæringa skal innehalde
- namn (skrive med blokkbokstavar)
- fødselsdato
- adresse
- dato og underskrift av kvar enkelt person som gjev erklæringa
Vedtektene til partiet, som mellom anna skal innehalde
- namnet til partiet
- informasjon om kva organ som kan velje det utøvande organet til partiet
Protokoll som viser val av styre
- Dersom medlemmer er vald i ulike møte, må ein legge ved protokollar som viser alle vala
Protokoll som viser val av det utøvande organet til partiet etter partilova
- Dersom medlemmene av det utøvande organet til partiet er vald i ulike møte eller av ulike organ, må det leggast ved protokollar eller annan dokumentasjon som viser alle vala.
- Dersom styret som er registrert i Einingsregisteret også skal ha myndigheit som det utøvande organet til partiet etter partilova, må det vere melding om dette i eige vedlegg.
- Dersom det utøvande organet til partiet skal ha ei anna samansetting enn det styret som er registrert i Einingsregisteret, skal det vere melding om dette i eige vedlegg. Vedlegget må innehalde namn, fødselsnummer og adresse til styremedlemmer og varamedlemmer. Dersom medlemmene har ulike roller, som til dømes leiar, medlem, varamedlem, må det vere melding om dette.
For at registrerte opplysningar skal få verknad for valet, må Partiregisteret ha motteke og journalført meldinga innan 2. januar i valåret.
Partiet må vere registrert i Einingsregisteret før det kan bli registrert i Partiregisteret. Du kan sende inn melding om registrering i Einingsregisteret og Partiregisteret samtidig.
Du må bruke skjemaet Samordna registermelding ved registrering i Einingsregisteret og Partiregisteret. I skjemafeltet «Andre merknader/opplysningar» melder du at foreininga skal registrerast i Partiregisteret. Her må du også gi opp kva partinamn som skal registrerast i Partiregisteret.
Valavvikling
Du finn svar på spørsmål om valavviklinga på Valportalen. Det kan til dømes vere krav til vallister, kva fristar som gjeld, opplysningar om oppslutninga til partia ved val og annan informasjon om val. Oppgåva til Partiregisteret er avgrensa til registrering av opplysningar om dei politiske partia i høve til gjeldande regelverk.