Avgrensa tilgang til Einingsregisteret
Sist oppdatert: 30. juli 2024.
Vi tilbyr ein avgrensa maskinell tilgang til Einingsregisteret for private aktørar.
Når du nyttar denne tenesta, har du tilgang til følgande tenester:
- basisdata mini – inneheld organisasjonsnummer, organisasjonsform, namn, forretningsadresse og postadresse.
- kontaktdata – inneheld telefonnummer, telefaksnummer, mobiltelefonnummer, e-postadresse og heimesideadresse.
- namnesøk – gjer det mogleg å finne eit organisasjonsnummer ved å søke på namn eller føretaksnamn.
- særlege opplysningar – inneheld statusinformasjon. Blant anna får du vite om einingane er registrerte i Føretaksregisteret eller Meirverdiavgiftsregisteret, eller om eininga er under konkursbehandling.
- opplysningar frå tilknytta register– informasjon om næringskode, sektorkode, ansvarskapital og tal på tilsette er ein del av denne tenesta.
- Frivilligregisteret – inneheld registreringsdato i Frivilligregisteret, kategori, kontonummer, sist registrerte vedtekter med registreringsdato, siste årsrekneskap med registreringsdato og deltaking i grasrotdelen.
Årleg fast pris for løysinga er kr 5 000,- inklusiv oppslag.
Ønsker du tilgang til registerinformasjon frå Einingsregisteret med web services? Sjå under «Korleis få tilgang» nedanfor.
Du må sjølv utvikle applikasjonane som skal importere data frå Einingsregisteret. Vi bidrar ikkje med teknisk bistand på dette området, men kan gi fagleg rådgiving når det gjeld bruk av grunndata frå Einingsregisteret.
Du får tilgang til løysinga ved å sende oss ein e-post. I den gir du opp kva tenester du ønsker tilgang til. Samtidig godkjenner du vilkåra ovanfor for bruk av web services-løysinga.
For meir informasjon om tenesta, ta kontakt med oss på e-post.