Sletting av stiftelse
Sist oppdatert: 28. februar 2022.
Du må først melde stiftelsen oppheva, før du kan slette han.
Oppheving blir også kalla avvikling. Resultatet av denne prosessen er at stiftelsen sluttar å eksistere som eige rettssubjekt, og at den blir sletta frå både Stiftelsesregisteret, Einingsregisteret og Føretaksregisteret.
Når det er gjort vedtak om avvikling, skal Stiftelsestilsynet velje eit avviklingsstyre for stiftelsen. Stiftelsen skal føreslå medlemmer til avviklingsstyret. Du kan lese meir om korleis du melder oppheving av ein stiftelse på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.