Opprette ein stiftelse
Sist oppdatert: 28. februar 2022.
Du kan i utgangspunktet opprette ein stiftelse om ein formuesverdi på minst 100 000 kroner blir stilt sjølvstendig til stiftelsen sin rådigheit, og stiftelsen har eit bestemt og langvarig formål.
For næringsdrivande stiftelsar må minst 200 000 kroner bli stilt til rådigheit.
Stiftelsar bli rekna som oppretta når stiftelsesdokumentet er utarbeida. Om stiftelsen er etablert ved testament, blir testamentet sett på som stiftelsesdokument og stiftelsen blir rekna som oppretta på tidspunkt for dødsfall.
Skal du opprette og få registrert ein stiftelse må følgande dokument utarbeidast:
- stiftelsesdokument (eventuelt testament)
- vedtekter
- revisorerklæring
- opningsbalanse
Du finn ei oversikt over kva informasjon desse vedlegga skal innehalde på nettsida hjelpeskjema og malar til Stiftelsestilsynet. Der finn du også eksempel på malar du kan bruke for dokumenta ved opprettinga.