Nedsetting av grunnkapital i næringsdrivande stiftelsar
Sist oppdatert: 5. august 2024.
Nedsetting av grunnkapital skal meldast til Føretaksregisteret innan seks veker etter at avgjerda blei tatt.
Kapitalnedsetting skal kunngjerast på Brønnøysundregistera sine kunngjeringssider. Om nedsettinga av grunnkapitalen krev kreditorvarsel, gjeld ein kreditorfrist på seks veker.
Kapitalnedsetting som krev kreditorvarsel melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om kapitalnedsetting og gjennomføring.
Avgjerd om å sette ned grunnkapitalen blir tatt av styret. Styret kan ikkje ta ei slik avgjerd dersom det går fram av vedtektene, eller på annan måte er bestemt av opprettaren, at den opphavlege grunnkapitalen ikkje skal kunne brukast til utdelingar. Grunnkapitalen kan ikkje under nokre omstende settast ned slik at han blir lågare enn 200 000 kroner.
Nedsettingsbeløpet kan berre brukast til:
- dekning av tap som ikkje kan dekkast på andre måtar, eller
- overføring til annan eigenkapital
Avgjerda skal vise nedsettingsbeløpet, og kva beløpet skal brukast til. Kapitalnedsettinga skal meldast til Føretaksregisteret innan seks veker etter at avgjerda blei tatt. Er ikkje kapitalnedsettinga meld innan fristen, fell han bort.
Kreditorvarsel
Om nedsettingsbeløpet heilt eller delvis skal brukast til overføring til annan eigenkapital, skal Føretaksregisteret gjere ei kunngjering av nedsettingsavgjerda. Kreditorfristen er seks veker.
Vedlegg trinn 1
Du må legge ved
- protokoll frå styremøte som viser avgjerda
Når kreditorfristen har gått ut og forholdet til kreditorane er avklart, skal melding om gjennomføring av kapitalnedsetting sendast til Føretaksregisteret. Kapitalnedsettinga fell bort om ikkje Føretaksregisteret har fått melding om gjennomføring innan eitt år etter at nedsettinga vart vedtatt.
Vedlegg trinn 2
Du må legge ved
- oppdaterte vedtekter
- stadfesting frå styret og revisor om at forholdet til selskapet sine kreditorar ikkje er til hinder for at avgjerda trer i kraft
Om heile nedsettingsbeløpet skal brukast til dekning av tap som ikkje kan dekkast på annan måte, kan nedsettinga gjennomførast utan kreditorvarsel. Da melder du både avgjerd og gjennomføring i eitt trinn.
Avgjerd og gjennomføring
Du må legge ved
- protokoll frå styremøtet som viser avgjerda
- oppdaterte vedtekter
- revisorerklæring som stadfester at nedsettingsbeløpet går til dekning av tap som ikkje kan dekkast på annan måte