Auking av grunnkapital i næringsdrivande stiftelsar
Sist oppdatert: 28. februar 2022.
Avgjerda om å auke grunnkapitalen blir tatt av styret.
Avgjerda må ikkje vere i strid med formålet til stiftelsen, vedtektene eller opprettaren sine føresetnader.
Grunnkapitalen kan aukast ved at:
- annan eigenkapital blir overført til grunnkapitalen, eller
- eigedelar som stiftelsen blir tilført etter oppretting av testament, gåve eller annan einsidig disposisjon, blir lagd til grunnkapitalen. Dette gjeld likevel ikkje om noko anna er bestemt eller klart kravd av han som har overført eigedelane.
Kapitalauke skal meldast til Føretaksregisteret innan seks veker etter at avgjerda blei tatt. Er ikkje kapitalauken meldt innan fristen, fell han bort.
Kva dokument må eg legge ved?
Du må alltid legge ved desse dokumenta:
- protokoll som viser avgjerda om auke av grunnkapitalen
- vedtekter
- erklæring frå revisor om at heile grunnkapitalen er stilt til stiftelsens rådigheit
- om grunnkapitalen består av andre eigedelar enn pengar; erklæring frå revisor om at eigedelane har ein verdi som minst svarer til det beløpet grunnkapitalen er fastsett til i vedtektene