Auking av grunnkapital i alminnelege stiftelsar
Sist oppdatert: 28. februar 2022.
Avgjerd om å auke grunnkapitalen blir tatt av styret.
Styret kan ikkje ta ei slik avgjerd dersom aukinga er i strid med formålet til stiftelsen, vedtektene eller opprettaren sine føresetnader.
Kapitalauke skal meldast til Stiftelsesregisteret innan seks veker etter at avgjerda blei tatt.
Du kan lese meir om kapitalauke på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.