Grunnkapital i ein stiftelse
Sist oppdatert: 12. oktober 2023.
Alle stiftelsar skal ha ein grunnkapital.
Grunnkapitalen kan bestå av pengar og/eller andre eigedelar. Eigedelar som ikkje kan balanseførast etter rekneskapslova, eller ei plikt til å utføre eit arbeid eller ei teneste, kan ikkje brukast som grunnkapital.
Det er ulike krav avhengig av om det er næringsdrivande eller alminneleg stiftelse.
Alminnelege stiftelsar
Minstekravet til grunnkapital for ein alminneleg stiftelse er 100 000 kroner.
Næringsdrivande stiftelsar
Minstekravet til grunnkapital for næringsdrivande stiftelsar er 200 000 kroner.