Opprette og registrere eigarseksjonssameige
Sist oppdatert: 14. mars 2024.
Eit eigarseksjonssameige vert oppretta ved tinglysing av eit seksjoneringskrav.
Registreringsplikt og registreringsrett
Alle eigarseksjonssameige har registreringsrett i Einingsregisteret. Eigarseksjonssameige som er tinglyste etter 1. januar 1998, og som har ni eller fleire seksjonar, skal registrerast i Føretaksregisteret. Sjølv om eigarseksjonssameiget ikkje har plikt til å registrere seg i Føretaksregisteret, har likevel alle rett til å verte registrerte.
Saka blir tatt til behandling av ein saksbehandlar innan ti arbeidsdagar, dersom sameiget skal registrerast i Føretaksregisteret.
Du kan sjå datoen vi har komme til i saksbehandlingskøen vår på sida Når blir saka mi behandla.
Vedleggskrav ved registrering
Når du skal registrere eit eigarseksjonssameige, må du alltid legge ved
- Dokumentasjon som viser at sameiget er tinglyst. Eksempel på slik dokumentasjon:
- krav om seksjonering med tinglysingsstempel
- melding til tinglysing. Strekkode med tinglysingsdato må gå fram av dokumentet
- utskrift av grunnboka
- vedtekter
- protokoll frå årsmøtet som viser val av styre og eventuell revisor
Vedtektene skal minst innehalde
- grunnboksnemninga til eigedomen
- opplysningar om kor mange medlemmar styret skal ha
Dersom sameiget skal ha ein annan signaturregel enn styret i fellesskap, må vedtektene også innehalde informasjon om dette.
Protokollen skal minst innehalde
- namnet på sameiget som heldt møtet
- opplysningar om når og kor møtet vart halde
- opplysningar om kor mange sameigarar som var representerte
- stadfesting om at møtet godkjente innkallinga
- oversikt over kva for vedtak som er gjorde
- val av styre. For- og etternamn på personane som er valde inn og kva rolle dei skal ha, skal også gå fram av protokollen
Protokollen skal vere underskriven av møteleiar og ein annan som var til stades på møtet.
Hugs å signere i skjemaet.
Dersom sameiget skal ha revisor og eventuelt rekneskapsførar, må dei stadfeste i Samordna registermelding at dei påtar seg vervet.
Ved registrering i Føretaksregisteret, må styremedlemmane på same måte bekrefte at dei tek på seg vervet.