Tilpassa uttrekk av registerinformasjon
Sist oppdatert: 30. juli 2024.
Mot eit gebyr kan du bestille tilpassa samanstilling av opplysningar frå dei fleste av registera våre.
Ein stor del av offentlege opplysningar som er registrerte hos oss ligg tilgjengeleg i form av opne data, slik at du sjølv kan hente ut informasjon du er ute etter. Er du på jakt etter opplysningar som ikkje er tilgjengelige i opne data, kan du sjå informasjon om standardprodukta våre eller bestille eit tilpassa uttrekk.
Her er eksempel på uttrekk vi kan levere:
- Spesifiserte rekneskapstal for alle aksjeselskap i Trondheim kommune.
- Liste med alle einingar i Oslo med ei omsetning på meir enn 50 millionar kroner i 2016.
- Liste med alle NUF i Oslo og Stavanger med morselskap i Storbritannia.
- Alle einingar i Tromsø som har fleire enn 10 tilsette og som har registrerte utleggsforretningar i Lausøyreregisteret.
- Liste med einingar som er oversende skifteretten på grunn av manglande styre, revisor eller innsend rekneskap.
Alle produkt kan leverast elektronisk i ulike format. Send ein førespurnad i kontaktskjemaet vårt.