Vilkår for å bruke abonnementstenesta
Sist oppdatert: 28. november 2024.
Du må gi opp kjelde om du skal bruke informasjon frå Brønnøysundregistera.
Vi er ikkje ansvarlege for moglege innhaldsmessige feil i opplysningane, og heller ikkje for følgene av eventuell driftsstans, innskrenkingar i tilgjengelegheit eller andre systemfeil.
Vi kan til kvar tid gjere endringar i informasjonselement og tenester som skal vere tilgjengelege via dette abonnementet.
Behandling av personopplysningar
Tenesta kan innebere behandling av personopplysningar. Da må du sikre at vidare bruk av dataa oppfyller alle krav til behandling av personopplysningar, sikkerheitskrav o.l. med gjeldande norsk personvernlovgiving, medrekna personvernforordninga (EU-forordning 2016/679 av 27. april 2016), og IKT-forskrifta i nokre tilfelle.
Den behandlingsansvarlege, fysisk eller juridisk person som behandlar personopplysningar, har eit sjølvstendig ansvar for oppfylling av dei plikter som følger av gjeldande lovgiving, medrekna å sørgje for at det finst eit rettsleg grunnlag for si behandling.