Treng vi ei ektepakt?
Først er det viktig å vurdere om det er behov for ektepakt.
Her kan de sjå kva som er forskjellane mellom det å ha og ikkje ha ektepakt.
Utan ektepakt gjeld
- felleseige
Når de blir gift, er hovudregelen at de har felleseige. Felleseige betyr at formuen i utgangspunktet skal delast likt ved skilsmisse eller død, etter at gjeld er trekt frå. De har framleis råderett over dei eigedelane de eig kvar for dykk, med nokre unntak for felles bustad og innbu.
- moglegheit til å krevje skeivdeling
Det er mogleg å krevje skeivdeling ved skilsmisse eller død. Retten til å krevje skeivdeling betyr at du kan krevje å halde bestemte delar av formuen (skeivdelingsformue) utanfor delinga. Dette gjeld verdiar som du hadde med inn i ekteskapet, og det du seinare har fått i arv eller gåve frå andre enn ektefellen.
- rett til å sitte i uskifta bu med felleseige
Når den du er gift med døyr, har du rett til å sitte i uskifta bu med felleseigemidlar. Dette inneber at du overtar alt de eig til saman og arveoppgjeret blir utsett. Om avdøde har barn med andre enn deg, må dei samtykke til dette.
- pålagt særeige
Om nokon bestemmer at du skal få verdiar i form av arv eller gåve, kan dei samtidig bestemme at dette skal vere ditt særeige . Dette er verdiar som da blir haldne utanfor deling når ekteskapet blir avslutta.
I ei ektepakt kan de mellom anna avtale
- fullt særeige
- delvis særeige
- særeige i live, felleseige ved død
- rett til å sitte i uskifta bu med særeige
- gåver mellom dykk som ektefellar
De kan også seie frå dykk retten til å krevje skeivdeling.
Bindande avtale
Ektepakta er ein bindande avtale mellom ektefellar og deira arvingar frå det tidspunktet ho er signert i samsvar med formkrava i ekteskapslova.
Sjølv om de opprettar ei ektepakt, vil de likevel ha avtalefridom ved ei skilsmisse. Det betyr at de har full fridom til å fordele verdiane på ein annan måte enn opphavlege avtale, om de er einige om det.