Ektepakta blir tinglyst
Send utfylt skjema til
Brønnøysundregistera
Ektepaktregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund
Kva skjer etter at de har sendt inn skjema for ektepakt?
Når ektepakta kjem inn for tinglysing i Ektepaktregisteret gjennomfører vi ein formalkontroll basert på dei innsende dokumenta. Dette inneber ein enkel kontroll for å verifisere at formelle reglar blir overhaldne, for å hindre at openberre ugyldige ektepakter blir tinglyste. Om ektepakta er i orden, kva angår tinglysinga, vil ho bli tinglyst. Tinglysing i Ektepaktregisteret medfører ingen garanti for den faktiske gyldigheita av ektepakta. Saksbehandlingstida er normalt 2-3 dagar.
Når ektepakta er tinglyst, blir ho påført eit tinglysingsstempel. Vi sender originalen tilbake til deg som har sendt inn skjemaet. De får også tilsendt ei registerutskrift. Ho vil ikkje vise fullstendig innhald i ektepakta, berre det de har kryssa av for i skjemaet.
Faktura for tinglysinga blir send per post til innsendar i etterkant. Pris for tinglysing finn du i oversikta vår over gebyr.
Det er mogleg å bestille kopi av ektepakta ved å kontakte oss. Her finn du oversikt over kva det kostar. Registerutskift kan du finne og laste ned i søketenesta vår.
Ektepakta er offentleg tilgjengeleg
Når ektepakta er tinglyst er ho i utgangspunktet tilgjengeleg for alle. Dette betyr at kven som helst kan bestille ein kopi av den tinglyste ektepakta.
Skal de endre ektepakta?
Om de skal endre, legge til noko eller oppheve ektepakta, må de inngå ei ny ektepakt.
Sletting av ektepakt
Det er berre mogleg å slette ektepakt ved skilsmisse eller død, eller om ekteskapet aldri blei inngått.