Registrere eit ansvarleg selskap
Sist oppdatert: 19. april 2024.
Eit ansvarleg selskap skal registrerast i Føretaksregisteret.
For å registrere selskapet ditt, må du sende inn Samordna registermelding.
Saka blir tatt til behandling av ein saksbehandlar innan ti arbeidsdagar.
Du kan sjå datoen vi har komme til i saksbehandlingskøen vår på sida Når blir saka mi behandla.
Når du skal registrere eit ansvarleg selskap, må du alltid legge ved
- selskapsavtale
Dersom selskapet skal ha styre og revisor, må du også legge ved
- protokoll frå selskapsmøtet som viser vala
Dersom selskapet skal ha styre, må styremedlemmane stadfeste i Samordna registermelding at dei tek på seg vervet. Det same må ein eventuell revisor og rekneskapsførar gjere.
For å opprette eit ansvarleg selskap må deltakarane lage ein selskapsavtale. Selskapsavtalen skal vere datert og signert av alle deltakarane.
Selskapsavtalen skal innehalde
- føretaksnamnet til selskapet
- namnet og bustaden til alle deltakarane
- formålet til selskapet
- den kommunen kor selskapet skal ha hovudkontoret sitt
- opplysningar om deltakarane skal gjere innskot, og i tilfelle den verdien innskotne eigedelar har
Dersom du skal stifte eit ansvarleg selskap med delt ansvar, må selskapsavtalen også innehalde opplysningar om kor stor ansvarsdel kvar deltakar har.
Se eksempel på selskapsavtale ANS (PDF)
Se eksempel på selskapsavtale DA (PDF)
Det er ikkje krav til kapitalinnskot i samband med oppstart av eit ansvarleg selskap. Om deltakarane skal gjere innskot, må dette gå fram av selskapsavtalen. Om innskotet er gjort opp med anna enn pengar, skal selskapsavtalen også innehalde opplysningar om kva dei innskotne eigedelane er verd.