Om Rekneskapsregisteret
Sist oppdatert: 28. februar 2024.
Rekneskapsregisteret er den viktigaste datakjelda for alle som vil skaffe seg innsikt i den økonomiske tilstanden i norsk næringsliv.
Hovudoppgåva
Rekneskapsregisteret registrerer årsrekneskap frå rekneskapspliktige verksemder og kunngjer godkjenningar av årsrekneskapen. 6 månader etter innsendingsfristen kunngjer vi varsel om tvangsoppløysing om årsrekneskapen ikkje er godkjent. I tillegg registrerer og kunngjer Rekneskapsregisteret godkjende mellombalansar. Målet med ordninga er å sikre økonomisk tryggleik og effektivitet. Regnskapsinformasjon er offentleg tilgjengeleg.
Kva informasjon blir registrert?
Alle innsendingspliktige verksemder skal kvart år sende komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret innan ein månad etter at det er fastsett av generalforsamlinga eller tilsvarande organ. Rekneskapsregisteret registrerer dei innsendte opplysningane frå verksemdene.
Siste frist for innsending av årsrekneskapen og forseinkingsgebyr er 31. juli. Frå 1. august startar forseinkingsgebyret, og det er Statens innkrevingssentral som krev det inn.
For årsrekneskap med sluttdato seinast 30. juni er fristen for å sende inn årsrekneskapen 31. januar, og forseinkingsgebyr startar frå 1. februar.
Kva brukast informasjonen til og kven er brukarane?
Det er mange som brukar opplysningane frå årsrekneskapen. Årsrekneskapen er eit viktig hjelpemiddel for finansieringsinstitusjonar og andre som vil gjere seg kjende med ein mogleg kontraktspartnar. Rekneskapsregisteret gir eit viktig kjeldemateriale til næringspolitiske analysar for forskarar og studentar. Det kan ofte vere den einaste måten ein ekstern interessent kan skaffa seg informasjon om verksemda. Dette vis også kor viktig det er å presentere ajourførte og riktige tal. Årsrekneskapen blir for eksempel alltid etterspurt av banken i samband med låneopptak og vurdering av kredittrammer for verksemder. Då er det viktig å legge fram tal som vis verksemda si reelle verdiskaping og underliggande verdiar på ein påliteleg måte. Det same gjeld for kundar og leverandørar.
Historia bak etableringa
Rekneskapsregisteret blei etablert 1. januar 1981. Formålet med registeret var å gi næringslivet og det offentlege ein ny og betre innsynsmoglegheit i årsrekneskapen på ein enklare måte enn tidlegare.