Om Ektepaktregisteret
Sist oppdatert: 30. juli 2024.
Ektepaktregisteret inneheld avtalar mellom ektefellar som regulerer formueforhold på andre måtar enn det som automatisk følger av lovverket.
Ektefellar som til dømes ønsker særeige, må opprette ei ektepakt. For at ektepakta skal få rettsvern overfor eventuelle kreditorar, må ho tinglysast i Ektepaktregisteret. Dei same reglane gjeld for registrerte partnarar. Opplysningane frå Ektepaktregisteret er offentleg tilgjengelege.
Ektepaktregisteret inneheld tinglyste ektepakter fra 1928 og fram til i dag.
Om du vil ha opplysningar om ektepakter som er tinglyste før 1981, må du gi opp namn og adresse på ein av partane.
For ektepakter som er tinglyste etter 1981, blir det stilt krav om at du skal gi opp fødselsnummer.
Du finner om det er tinglyst en ektepakt etter 1981 i søketjenesten vår. Du kan også bestille kopi ved å ta muntleg eller skriftleg kontakt med Brønnøysundregistera. Sjå informasjon om produkta våre for meir informasjon.