Hefte på person
Sist oppdatert: 23. august 2024.
Vi gir deg ei oversikt som viser kva hefte som er registrerte på deg hos oss.
Heftet og andre rettsstiftelsar som vi har registrert på ein person finn du i tenesta vår for søk i rettsstiftelsar. Tenesta krev innlogging og at du har fødselsnummeret til personen du søker på. Søk i hefte og rettsstiftelsar på person.
Opplysninger om inkje til utlegg (ingen verdiar å ta pant i) og utleggstrekk (trekk i lønn/trygd) er ikkje offentlege. Dersom du har inkje til utlegg/utleggstrekk finn du det på Mi side.
Dette er hefta og rettsstiftelsane vi registrerer på person hos oss.
Når det er registrert eit salspant i motorvogn, vil det seie at for eksempel banken har tatt sikkerheit i bilen for lånet dei har gitt kjøpar. For å finne ut om det er registrert salspant, kan du søke på hefte i køyretøy.
Når du inngår ein leasingavtale på ein bil, vil det seie at du inngår ein avtale om langtidsleige av bilen. Fordi leasing liknar meir på eit salspantkjøp eller eit kredittkjøp, enn ein leigeavtale, gjeld same reglar som for salspant også for leasing.
Utleggspant er sikkerheit for eit pengekrav som blir stifta med hjelp frå namsmyndigheitene. Utleggspant er sikkerheit for eit pengekrav der saksøkar kan krevje utlegg i saksøkte sine eigedelar. Om det ikkje finst midlar hos saksøkte å ta utlegg i, kan dette føre til utleggstrekk (trekk i lønn/trygd) eller inkje til utlegg.
Inkje til utlegg betyr ingen verdiar å ta pant i.
Om du ikkje gjer opp eit pengekrav frivillig, kan namsmannen pålegge arbeidsgivar eller NAV om å trekke ein fast sum frå lønna eller trygda di (utleggstrekk). Dette for å sikre og realisere kravet.
Opplysningar om inkje til utlegg og utleggstrekk er ikkje offentlege. Dei blir berre gitt til den det gjeld, til advokatar, finansinstitusjonar, inkassobyrå, kredittopplysningsbyrå og offentlege myndigheiter med teieplikt.
Ønsker du å sjå om det er registrert utleggstrekk eller inkje til utlegg på deg sjølv, kan du logge inn på Mi side. Andre aktørar som har lov til å sjå desse opplysningane må bestille dei per telefon. Les meir om prisar og korleis du bestiller stadfesting på utleggstrekk og inkje til utlegg.
Arrest er ei mellombels sikring, og skal sikre eit framtidig oppgjer av eit enno ikkje forfalle pengekrav. Arresten inneber at skyldnar mister retten til å disponere rettsleg over det arresterte formuesgodet, for eksempel ved sal eller pantsetting. Arrest kan takast i kvart formuesgode som det kan takast utleggspant i.
Vi tinglyser opning av gjeldsforhandlingar og frivillig eller tvungne gjeldsordningar for privatpersonar.
Kan eg få vite om ein person har ei gjeldsordning?
Du kan finne ut om det er registrert opning av gjeldsforhandling eller om ein person har ei gjeldsordning i tenesta vår for søk i rettsstiftelsar. Tenesta krev innlogging og du må ha fødselsnummeret til personen du søker på. Ønsker du å vite innhaldet i gjeldsordningsavtalen, må du ta kontakt med namsmyndigheita.
Når blir opninga av gjeldsforhandlinga og gjeldsordninga sletta?
Opning av gjeldsforhandling blir sletta når
- gjeldsordningsavtale er inngått
- gjeldsforhandlingsperioden er over utan at det er inngått ein avtale
Namsmannen gir beskjed til oss når gjeldsordninga skal slettast. Har du spørsmål om sletting, må du kontakte den aktuelle namsmannen.
Privatpersonar kan vere under frivillig eller tvunge verjemål. Vi tinglyser vedtak om
- mellombels fråtaking av den rettslegen handleevna
- dom om fråtaking av den rettslege handleevna
Stadfesting av framtidsfullmakt
Ei framtidsfullmakt er ein formell rett du kan gi til éin eller fleire personar om å representere deg den dagen du på grunn av demens eller annan alvorleg sjukdom, ikkje lenger er i stand til å ta stilling til viktige spørsmål på eigne vegner.
Framtidsfullmakta er gyldig frå den dagen du oppretta ho, men den trer ikkje i kraft før den dagen du ikkje lengre kan vareta dine eigne interesser.
Når framtidsfullmakta har tredd i kraft, kan den som representerer deg be Statsforvaltaren om å stadfeste framtidsfullmakta. Statsforvaltaren sender stadfestinga blant anna til registrering i Lausøyreregisteret. Om du har roller eller verv i ei verksemd, blir stadfestinga også registrert i Einings- eller Føretaksregisteret, slik at alle har moglegheit til å sjå kven som representerer deg.
For meir informasjon om kva som er lurt å ha med i ei framtidsfullmakt, kven som kan vere fullmektig og kva krav som gjeld, sjå nettsidene til Sivilrettsforvaltningen om framtidsfullmakt.
Ved abandonering frigir konkursbuet eigedelar som er utan verdi til skyldnar. Bustyrar sørger for at abandonering blir tinglyst hos oss.
Når det er registrert eit privat beslagsforbod, kan ikkje ein kreditor ta beslag i ein person sine konkrete eigedelar ved utlegg, gjeldsforhandling, konkurs eller offentleg skifte av insolvent dødsbu. Private beslagsforbod kan avtalast i eit testament eller gåvebrev. Givaren kan fastsette at beslagsforbodet også skal sikre mottakaren sine arvingar.
Personleg næringsdrivande kan blant anna pantsette varelager, driftstilbehøyr, landbrukslausøyre.