Betalingsmerknader
Sist oppdatert: 30. oktober 2023.
Ønsker du ei oversikt over betalingsmerknadene dine, må du kontakte eit kredittopplysningsbyrå. Vi registrerer berre nokre typar merknader.
På sida kredittvurdering hos Datatilsynet finn du ei liste over kredittopplysningsbyrå som kan gi deg ei fullstendig oversikt over betalingsmerknadene dine.
Kva merknader registrerer vi?
Vi registrerer blant anna gjeldsordning, konkurs, utleggspant, trekk i lønn og inkje til utlegg. Gjeldsordning, konkurs og utleggspant er offentleg informasjon. Opplysningar om dette finn du ved å søke i rettsstiftelsar på person hos oss. Tenesta krev innlogging og at du har fødselsnummeret til personen.
Trekk i lønn eller trygd og inkje til utlegg er ikkje offentlege opplysingar. Ønsker du å sjå om det er registrert utleggstrekk eller inkje til utlegg på deg sjølv, kan du logge inn på Mi side. Du kan også bestille ei oversikt over kva som er registrert på deg ved å ringe oss. Vi sender ho til den folkeregistrerte adressa di.
Hefte på person
Eit hefte er ikkje nødvendigvis ein betalingsmerknad. Vi registrerer ulike typar hefte på person.
Ønsker du å slette eit hefte, er det ulike framgangsmåtar etter kva type hefte det er snakk om.