Registrering av fleire enkeltpersonføretak
Sist oppdatert: 18. mars 2024.
Om du skal registrere fleire enkeltpersonføretak, må to vilkår vere oppfylte:
- Kvart enkeltpersonføretak må drive sjølvstendig næringsaktivitet.
- Aktiviteten må drivast på forskjellige geografiske stader eller i forskjellige bransjar.
Som eit alternativ til å registrere fleire enkeltpersonføretak, kan du velje å utvide aktiviteten på det enkeltpersonføretaket du allereie har. Du må då endre dei opplysningane som er registrerte hos oss. Dette gjer du ved å sende inn Samordna registermelding.
Sjølvstendig næringsaktivitet
Ved vurdering av om enkeltpersonføretaket driv sjølvstendig næringsaktivitet, blir det lagd vekt på
- kva aktivitet føretaket driver med og kor omfattande den er
- kor mykje tid som går med til å drive føretaket
- innsats av arbeidskraft
- kor stor den økonomiske omsettinga er
Du må stadfeste at opplysningane du gir om aktiviteten oppfyller krava til næringsaktivitet. Aktivitetar som blir sett på som reine eingongshendingar eller hobbyaktivitet blir ikkje definerte som næringsaktivitet.
Forskjellige geografiske stader
For at vi skal kunne seie at det blir drive aktivitet på forskjellige stader, må aktiviteten vere lokalisert på ulike stader.