Registrere eit enkeltpersonføretak
Sist oppdatert: 1. juli 2024.
Enkeltpersonføretak må registrerast i Einingsregisteret for å få eit organisasjonsnummer.
Om du skal drive som statsautorisert rekneskapsførar eller revisor, må du registrere deg i Føretaksregisteret.
Det er gebyr på registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Gebyret for registrering i Føretaksregisteret blir redusert når nyregistreringa skjer samtidig som i Einingsregisteret.
Du må som hovudregel vere myndig (18 år) for å kunne opprette eit enkeltpersonføretak. Du treng ikkje å vere busett i Noreg, men føretaket må ha adresse i Noreg.
Det er i utgangspunktet ikkje krav til å legge ved dokument når du registrerer eit enkeltpersonføretak.
Namnet på enkeltpersonføretaket skal innehalde etternamn på innehavar. Du må nytte det folkeregistrerte etternamnet.
Du kan lese meir om val av namn og kva omsyn du må ta på sida Korleis vel eg namn på selskapet mitt?
Utgangspunktet er at du må vere fylt 18 år for å kunne drive næringsaktivitet og registrere eit enkeltpersonføretak. Er du ikkje fylt 18 år, kan du likevel drive næringsaktivitet dersom
- du er fylt 15 år, og
- verja di gir deg løyve, og
- statsforvaltar godkjenner løyvet til å drive aktiviteten
Vedleggskrav ved registrering
- kopi av samtykke frå statsforvaltar
- løyve frå verje
Næringsaktivitet som er arva
Om ein mindreårig overtar ei verksemd ved arv, kan verja, med samtykke frå statsforvaltar, drive verksemd på vegner av den mindreårige.
Vedleggskrav ved registrering
- kopi av samtykke frå statsforvaltar
Om du skal bli registrert i ei rolle, som for eksempel innehavar eller dagleg leiar, og ikkje har fødselsnummer eller d-nummer frå før, kan du søke om dette samtidig som du sender inn Samordna registermelding.
Du må sende inn Søknad om d-nummer, BR1015B, per post, saman med stadfesta kopi av legitimasjonsdokument og Forenkla registermelding enkeltpersonføretak
Rettleiing til utfylling finn du i søknadsskjema.
Endring i krav frå 10. juni 2020
Personar med d-nummer som skal registrerast som innehavar av enkeltpersonføretak må møte på skattekontoret for ID-kontroll før registrering.
Dette gjeld både personar som har d-nummer frå før og personar som skal søke om d-nummer i forbindelse med registreringa.
Meir informasjon om d-nummer og ID-kontroll finn du på Skatteetaten sine nettsider.
Du må gi ei så nøyaktig utgreiing som mogeleg av den aktiviteten som blir driven i føretaket. Det er ikkje nok å gi opp ei generell utgreiing. Derfor må du utgreie kva som eventuelt blir produsert/seld eller kva tenester/aktivitetar som blir utført.
Her ser du eksempel på kor detaljert utgreiinga må vere:
- Jordbruk: Dyrking av korn. Melkeproduksjon på storfe.
- Transport: Godstransport på veg. Drosjebiltransport.
- Handel: Butikkhandel med daglegvarer. Nettbutikk med sportsutstyr.
- Industri: Produksjon av musikkinstrument. Produksjon av møblar. Produksjon av gull og sølvvarer.
- Bygg og anlegg: Grunnarbeid. Røyrleggararbeid. Målararbeid.
- Konsulentverksemd: Bedriftsrådgiving. Teknisk rådgiving innan oljesektor. Byggteknisk konsulentverksemd. Arkitektverksemd innan byggverk.
Driv du aktivitet i fleire bransjar, må du føre opp kvar enkelt av dei i rekkefølge etter storleiken på omsetting eller sysselsetting.
Utgreiinga av aktiviteten dannar grunnlag for næringskoden til føretaket. Her kan du lese meir om næringskodar.
I skjemaet Samordna registermelding må du stadfeste at opplysningane du gir om aktiviteten oppfyller krava til næringsaktivitet.