Kva er eit enkeltpersonføretak?
Sist oppdatert: 15. februar 2024.
Enkeltpersonføretak er ein sjølvstendig næringsaktivitet driven under fullt personleg ansvar av ein person.
Sjølvstendig næringsaktivitet
Ved vurdering av om enkeltpersonføretaket driv sjølvstendig næringsaktivitet, legg ein vekt på
- kva aktivitet føretaket driv med og kor stort omfanget av aktiviteten er
- kor mykje tid som går med til å drive føretaket
- innsats av arbeidskraft
- kor stor den økonomiske omsettinga er
Aktivitetar som blir sett på som reine eingongshendingar eller hobbyaktivitet blir ikkje definert som næringsaktivitet.