Organisasjonen vår
Vi er 430 medarbeidarar og dei fleste jobbar frå Brønnøysund. Vi har også medarbeidarar som jobbar frå Narvik og Oslo.
Brønnøysundregistera er delt inn i tre avdelingar og to støtteavdelingar.
Lars Peder Brekk er utdanna innan økonomiske fag og har brei kunnskap om offentleg sektor og næringsliv. Han har ein lang karriere bak seg som næringslivsleiar og politikar. Han var blant anna statsråd i regjeringa Bondevik (2000) og regjeringa Stoltenberg (2008-2012).
Direktøren har det overordna ansvaret for etaten si verksemd. Han skal sikre god verksemdsstyring, der økonomi, prioriteringar, resultatmål og rapporteringskrav blir tatt vare på etter styringsdokumenta frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Direktøren representerer etaten i samarbeidsforumet for offentleg digitalisering (Skate).
Direktør: Lars Peder Brekk
Mobil: 902 96 060
E-post: lars.brekk@brreg.no
Kommunikasjonsstaben har ansvar for å leie og koordinere den strategiske kommunikasjonen frå Brønnøysundregistera.
Staben skal først og fremst vareta toppleiinga sine behov for intern og ekstern kommunikasjon. Dette gjeld kommunikasjon med tilsette, eigarar, myndigheiter, samarbeidspartar, tenesteeigarar og andre interessentar.
Kommunikasjonsstaben handterer også alle førespurnader frå media og er koordinator for annan kontakt som gjeld Brønnøysundregistera.
Kommunikasjonsdirektør: Kristine Aasen
Mobil: 974 01 947
E-post: kria@brreg.no
Pressetelefon: 400 200 75
Avdelinga skal bidra til at Brønnøysundregistera når måla sine, at vi opptrer i samsvar med lov- og avtaleverk, og vi legg til rette for at Brønnøysundregistera skal vere ein attraktiv arbeidsgivar som sørger for at leiarar og tilsette får nødvendig støtte i arbeidskvardagen.
Avdelinga har søkelys på god styring og effektiv ressursutnytting.
Avdelingsdirektør: Solveig Sverdrupsen
Mobil: 908 80 233
E-post: solveig.sverdrupsen@brreg.no
Avdelinga har ansvaret og forvaltinga av i alt 17 register, der den nasjonale felleskomponenten Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Lausøyreregisteret, Konkursregisteret og Rekneskapsregisteret er dei største.
Avdeling registerforvalting skal gi tryggleik, orden og oversikt i samfunnet gjennom pålitelege registerdata.
Avdelinga arbeider målretta for å sikre god kvalitet, samordning og forenkling til beste for brukarane.
Avdelingsdirektør: Lise A. Dahl Karlsen
Mobil: 480 09 827
E-post: lise.karlsen@brreg.no
Avdelinga utviklar eksisterande og nye tenester innan register og tenester som er bygd på registerdata, eller i kopling med andre sine data.
Avdelinga skal vere med på å skape verdi for samfunnet, det offentlege, kommunale og private.
Avdelinga består av seksjon registerutvikling og data- og brukardriven utvikling.
Avdelingsdirektør: David Norheim
Mobil: 959 46 949
E-post: dno@brreg.no
Avdelinga har ansvar for å fastlegge rammer, utvikle og forvalte eigne IT-system innanfor register- og forenklingsområdet. I tillegg har avdelinga ansvar for støttefunksjonar som prosjekt- og porteføljestyring, kvalitet, arkitektur og test for heile verksemda. Ein samordnings- og pådrivarfunksjon for bruk av data, tenester og kompetanse i nye eksterne tenester saman med privat næringsliv inngår også. Avdelinga har dermed ansvar for område som er vesentlege for at Brønnøysundregistera stadig skal bidra til digitaliseringa i Noreg.
Avdelingsdirektør: Kjell-Arne Strøm Hansen
Mobil: 913 42 580
E-post: kjell-arne.hansen@brreg.no